Fjørtoft, Olaus  | (1847-1878). Fødd på Flemsøy i Haram. Journalist og politisk agitator, privatlærar og litterat. Studerte på Heltbergs studentfabrikk 1869, studerte seinare matematikk og astronomi. Levde hovudsakleg av manuduksjon i desse faga. Gav i 1877 Lærebog i praktisk regning efter det nye mynt-, maal- og vægtsystem. Kom i studietida i kontakt med A.O. Vinje, J.E. Sars, H.E. Berner, Carl Berner og Bjørnson. Var i 1870 leiar av ei radikal gruppe i Studentersamfundet. Gav i 1871-73 ut bladet Fram. Var ivrig målmann og republikanar, ville leggje språket nær daglegtalen og dialektane, oppheve statskyrkja og all jordeigedom. Var med på dei første sosialistmøta på Tjuveholmen og i "Rasmussalen" og var ein varm forsvarar av Pariskommunen. Garborg har skildra Fjørtoft i Bondestudentar (student Fram) og Gunnar Heiberg i Tante Ulrikke (student Fredriksen). JG
Ivar Mortensson-Egnund: Olaus Fjørtoft. Minnestykke. 1929.
Litt.: Olaus Fjørtoft: FRAM. Skrifter i utval. Ved Jostein Mykletun. Bergen: J.W. Eide Forlag 1972.
Teikning: M. Skeibrok |
|  |
| 
 | | Gjøla | | er eit gammalt og velkjent ord for 'smigra'...
| | |
|
 | | 3. september 1878 | | Et Stykke om Sødyr (til Fedraheimen). |  |
|
 | | Nordmannen | | Temaside ved Ottar Grepstad |
| | På parti med språket | | Ein gjennomgang av språkpolitikken i norske partiprogram 1906–2013. Nr. 5. i serien "Småskrifter frå Ivar Aasen-tunet".
|
| | Talar og artiklar | | Siste: Dette er Ivar Aasen – Del 2: Reisene |
|
|
|