Bilete
blank
EnglishDeutsch
Ivar AasenSpråkLitteraturMuseumSkuleArrangementDei nynorske festspelaBesøk oss
blank
 
Nettstadkart
Startsida
Ivar Aasen
Språk
Litteratur
Forfattarar A-E
Forfattarar F-J
Forfattarar K-N
Forfattarar O-S
Forfattarar T-Å
Songar
Andre tekstar
Fedraheimen
Sommarlesetips
Museum
Skule
Arrangement
Dei nynorske festspela
Besøk oss
Butikk
Nytt
Kontakt
blankKontakt | Opningstider | Presse
Kongeløniblank
Artikkel. 1896

Av g. [Arne Garborg]

Kongeløni maa upp; det er noko eg held med høgre i.

Me maa ha feite kongar. Veit du kje kva Julius Cæsar seier hjaa Shakespeare: eg likar kje magre folk, seier han. Dei hev so mange tankar, og mistankar og mistruer; og alting er dei misnøgde med; det er faarlege folk, desse magre! - seier Cæsar. Men dei runde og feite, det er hyggjelege folk.

Det er greidt, at kongen vaar lever for knapt, og krunprinsen med; for dei er lange og magre som telegrafstolpar. Og so kjem tankarne, veit du, mange ottesame og misnøgde tankar, og dei tykkjer alt gjeng skakt og skeivt i dette lande. Ja dei slær hattar av folk, og bøner og bed i alle telegraftraadar mot faarar og fælslegdom, som dei trur skal koma yver oss, so at folk gjeng her paa sitt berre liv og veit kje anten det er tyrken elder paven, dei mest skal fæla fyre. Nei, feite kongar maa me ha, gode og sunde og kaggelege og koselege kongar, slike som i Asbjørnsens eventyr. Daa fær dei kje fleire tankar en dei kan raa med; og her vert "fred i lande".

Altso, fyrste programsak; [sic] Kongeløni upp. Og andre programsak: Krunprinsløni upp. For kven veit, kanskje krunprinsen og vart blid, naar me gjødde han skikkeleg.

*

Elles vil eg forsvara kongen i denne hattesaki. Eg veit, kor arg eg sjølv hadde vorte, um det hadde kome slik ein kóp og gjeve seg til aa nidglana paa meg. Hatten hadde eg vel kje vaaga aa slaa av han, daa eg hev lensmann og byvakt (politi) yver meg; men kunde eg ha kome meg til med det paa ein lempeleg og kristeleg maate, so ingen saag det, so er eg nok rædd eg hadde laant han ein liten styvlehæl einkvar-stad, der det ikkje kunde saka mannen noko vidare, t. d. paa den staden "der han er høgst, naar han peller fliser". Og kongen maa daa faa vera menneskje han med stundom. Han er kje vand med slikt, han, at det kjem slik ein fyr slengjande beint innpaa han med nevarne i broki og hatten paa hovue og gjev seg til aa glo paa han som han var ein sjøorm. Og naar me dertil tenkjer paa, kor trøytt og ut-asa han maatte vera av alle kongemiddagarne, og alle talarne sine, og av handfaste trønderske blomekastarar, og av alt ihop, so vil kvart rimelegt menneskje forstaa, at han puffa til den hatten, og berre takka til, at han ikkje tok hovue med. Hadde det vore i gamle dagar, so hadde han nok fengje anna kjent, han "indersten" der uppe i Trøndelagen.

Nei, det maa vera som eg seier: Hattarne av - og kongeløni upp!
 
 

Frå Den 17de Mai. Norskt folkeblad. Tysdag 25. august 1896. Elektronisk utgåve 2003 ved Jon Grepstad
 
 
Skriv ut
blank
Nyhende
Hausten tek til med Nordstoga
Aasmund Nordstoga er først ute på haustprogrammet til Ivar Aasen-tunet. Onsdag 15. september kjem han til tunet med sine populære versjonar av songar frå den norske viseskatten. Ragnhild Hemsing, Edvard Hoem, Olav H. Hauge og Donald Duck er andre namn på den varierte haustmenyen i Aasen-tunet.

Jon Fosse-arkivet er klar til bruk
Jon Fosse-arkivet er klar til bruk. Fredag 10. september får Jon Fosse Den internasjonale Ibsenprisen. Same dagen er forfattarens eige klipparkiv saman med mykje korrespondanse, foto og anna materiale sortert på enkelt vis og tilgjengeleg i Ivar Aasen-tunet.

Friaren Nordstoga i Aasen-tunet
Aasmund Nordstoga kjem til Aasen-tunet med nye versjonar av tradisjonelle viser onsdag 15. september.

RSS   RSS

Dagens ord
Sakalav
I det nordnorske talemålet er ein sakalav...  
 
Nettbutikk
Aasen-boksar - Herre svart LAasen-boksar - Herre svart L
No på lager!
blank
Festspel-t-skjorta 2010 (blå)Festspel-t-skjorta 2010 (blå)
T-skjorte med sitat frå festspeldiktar Rønnaug Kleiva.
blank
Dagbok
Hos en Fotograf.
blank
Aktuelle prosjekt
Nordmannen
Temaside ved Ottar Grepstad

På parti med språket
Ein gjennomgang av språkpolitikken i norske partiprogram 1906–2013. Nr. 5. i serien "Småskrifter frå Ivar Aasen-tunet".

Talar og artiklar
Siste: Dette er Ivar Aasen – Del 2: Reisene

KvaSkjer
15. september
Aasmund Nordstoga
blank
15. september
Frivilligmøte
blank
19. september
Aasen-tunets soppdag
blank
 
 
Nynorsk kultursentrum, Indrehovdevegen 176, N-6160 Hovdebygda
Telefon: 70 04 75 70 • Telefaks: 70 04 75 71 • E-post: admin(a)aasentunet.no
aasentunet.no er utvikla av Avento. Formgiving: Aina Griffin og Astrid Loraas.
© Nynorsk kultursentrum
 
 
-