Bilete
blank
EnglishDeutsch
Ivar AasenSpråkLitteraturMuseumSkuleArrangementDei nynorske festspelaBesøk oss
blank
 
Nettstadkart
Startsida
Ivar Aasen
Språk
Litteratur
Forfattarar A-E
Forfattarar F-J
Forfattarar K-N
Forfattarar O-S
Forfattarar T-Å
Songar
Andre tekstar
Fedraheimen
Sommarlesetips
Museum
Skule
Arrangement
Dei nynorske festspela
Besøk oss
Butikk
Nytt
Kontakt
blankKontakt | Opningstider | Presse
Til unggutenblank
Lesestykke. 1877

Av Arne Garborg
 
 
Les og lær og tenk, og vert aldri trøytt. Me maa arbeida oss upp. Skal du vinna nokon veg i livet, so maa du vera klok. Du maa hava kunnskap og tankar. Du maa vera iminsto aandeleg jamgod med dei hine; elles vert du etterliggjande og lid vondt. Men vil du vinna fram med noko sjølv, daa maa du vita og skyna m e i r enn storhopen.
Det er slikt, me hev aa gjera i verdi. Me skal læra, tenkja og arbeida. Difor hev me vitet vaart, at me skal bruka det. Det er det, som gjer mannen til meir enn dyr. Du skal ikkje berre s j a a paa himmel og fjell og gras og sjø, du skal s k y n a dei, du skal vita, korleis alle desse ting heng ihop. Du skal vita, kvifor vinden bles og regnet drys og skogen veks og folnar og vatnet silrar og renn og speglar av baade himmel og jord. Men fyrst og seinst skal du sjaa paa mannalivet og tenkja etter det. Du skal vita, korleis folk liver og fer aat, og kvifor dei liver og fer aat so. Difor hev me soga, og difor hev me dikting og kunst. Soga syner deg det store livet, ættarlivet i sin breide blenkjande straum; av den skal du læra, kva ætti kavar med og kavar for, og korleis ho skal vinna fram til det ho lengtar imot. Men av diktaren skal du læra, kva det er som bur inne i kvar mans eigen hug, hans traadom og tanke, hans von og vit, alt, som ligg i mannens natur, baade godt og galet. Av diktaren skal du jamvæl læra aa skyna deg sjølv, for det er han, som liksom granskar innsida av livet.
 
 
Les aldri ei bok, utan du gjer deg sjølv greide for, kva der stod i boki, og koss boki etter ditt vit var. Du kann læra mykje endaa av ei klen bok, berre du les med vit og ettertanke. Men les du som ein tull, daa hev du vondt endaa av dei beste bøker.
Men av bøker vert ingen fullvis. Ei bok er ikkje til anna, ho skal læra deg upp til aa s j a a og so til aa læra av sjølve dei ting, du ser og høyrer ikring deg. Den som er klok, han legg merkje til tusund ting, som faamingen aldri korkje ser elder gaar, og dermed lærer han og fær tankar, kvar han snur seg.
Og so rik og stor som heimen og livet vert, naar du ser paa det med klaare tankar og »uppletne augo«. Faavisingen gjeng gjenom verdi som eit naut, og hev ingenting for det. Han gjeng or verdi att so god som han kom, han. Han er plent som ein blinding, som kjem inn i ein stor og fager by. Den blinde gjeng gjenom gaturne han liksom andre; men naar han fer av att, so hev han ikkje meir godt av det, enn han aldri skulde ha voret der. Men den kloke, han ser, gledest og lærer.
 
 
Det er ein ting. Men her er meir aa hugsa.
Mannen er ikkje sett i verdi einast for si eigi skuld. Vil du vera det du skal, daa maa du stella deg so, at du og kann vera til glede og gagn for andre. Og h e r er det, du helst skal bruka vitet ditt. Ein klok mann kann mangeleis vera til gagns, og kann faa mangt fram. Er det ikkje landet, som treng til deg, so er det bygdi elder grendi elder dine eigne husfolk. Allestader er noko aa gjera, som er godt, d. e. som er til gang elder hugnad for folk. Og ingen er so arm, at han ikkje kann hjelpa til, hev han vitet og lærdomen til det. Du minnest vel »gamle Olav sonlaus«, som Vinje syng um; han laag paa legd, han stakkaren, og kunne endaa gjera like for seg.
Det er so mangt aa tenkje paa no, som ikkje var fyrr. No skal ein mann vera med i heradstyret, han skal vera med i ymse andre møte, og han skal vera med i sjølve rikslivet, um det so berre er til aa »stemma« paa ein valmann. Med alt slikt stend faamingen reint uppraadd. Han veit ikkje kva han helst skal meina og gjera, og er det daa ein mann, som kann telja væl fyre han, so kann han snu og sveiva han nett som han sjølv vil. Difor er faamingen i grunnen alltid ufri. Men den, som hev lært og tenkt, han kann sjølv finna ut, kva han skal gjera i ymsekvart tilhøvet, og kann daa vera sin eigen mann, og v i t a, at han gjer det som rett og godt er.
Mannen er sett i heimen til aa l æ r a det som er sant, g l e d a seg i det, som er fagert, og a r b e i d a for det som er godt. Og den, som er klok og vis, og som attatt legg si magt paa aa vera til hjelp i alt godt verk, som han k a n n hjelpa til med, - han er slik som mannan bør vera.
 
 
 

Frå Lesebok i det norske folkemaal for høgre skular ved Arne Garborg og Ivar Mortenson. Kristiania: Forlagt av Huseby & Co. limit. 1885. Elektronisk utgåve 2002 ved Jon Grepstad

 
Skriv ut
blank
Nyhende
Hausten tek til med Nordstoga
Aasmund Nordstoga er først ute på haustprogrammet til Ivar Aasen-tunet. Onsdag 15. september kjem han til tunet med sine populære versjonar av songar frå den norske viseskatten. Ragnhild Hemsing, Edvard Hoem, Olav H. Hauge og Donald Duck er andre namn på den varierte haustmenyen i Aasen-tunet.

Jon Fosse-arkivet er klar til bruk
Jon Fosse-arkivet er klar til bruk. Fredag 10. september får Jon Fosse Den internasjonale Ibsenprisen. Same dagen er forfattarens eige klipparkiv saman med mykje korrespondanse, foto og anna materiale sortert på enkelt vis og tilgjengeleg i Ivar Aasen-tunet.

Friaren Nordstoga i Aasen-tunet
Aasmund Nordstoga kjem til Aasen-tunet med nye versjonar av tradisjonelle viser onsdag 15. september.

RSS   RSS

Dagens ord
Sakalav
I det nordnorske talemålet er ein sakalav...  
 
Nettbutikk
Aasen-boksar - Herre svart LAasen-boksar - Herre svart L
No på lager!
blank
Festspel-t-skjorta 2010 (blå)Festspel-t-skjorta 2010 (blå)
T-skjorte med sitat frå festspeldiktar Rønnaug Kleiva.
blank
Dagbok
Hos en Fotograf.
blank
Aktuelle prosjekt
Nordmannen
Temaside ved Ottar Grepstad

På parti med språket
Ein gjennomgang av språkpolitikken i norske partiprogram 1906–2013. Nr. 5. i serien "Småskrifter frå Ivar Aasen-tunet".

Talar og artiklar
Siste: Dette er Ivar Aasen – Del 2: Reisene

KvaSkjer
15. september
Aasmund Nordstoga
blank
15. september
Frivilligmøte
blank
19. september
Aasen-tunets soppdag
blank
 
 
Nynorsk kultursentrum, Indrehovdevegen 176, N-6160 Hovdebygda
Telefon: 70 04 75 70 • Telefaks: 70 04 75 71 • E-post: admin(a)aasentunet.no
aasentunet.no er utvikla av Avento. Formgiving: Aina Griffin og Astrid Loraas.
© Nynorsk kultursentrum
 
 
-