Aure, Anton Magnus  |
(1884-1924). Fødd i Fræna. Lærar og bokmann. Tok lærareksamen i Volda i 1911. Arbeidde som lærar fleire stader. Gav i 1916 ut på eige forlag Nynorsk boklista, skrifter i bokform på norsk - bygdemål og landsmål - 1646-1915. I 1921 kom andre bandet. Statsstipendiat frå 1919. Grunnla i 1918 "Ung-Norig", eit litterært tidsskrift for ungdom, der han m.a. gav oversyn over den nynorske litteraturen og skreiv biografiske utgreiingar. Aure var ein ivrig boksamlar og hadde den største samlinga av skrifter på nynorsk og bygdemål som fanst på den tida. Aure-samlinga er no deponert i Ivar Aasen-tunet. JG
Artiklar om Anton Aure
Anton Aure. Artikkel i nettleksikonet Allkunne
Tekstar av Anton Aure
Kvinnor i den nynorske bokheimen. Stutte livsskildringar.
Biografiar. 1916. (Om Aasta Hansteen, Bolette C. Pavels Larsen, Hulda Garborg, Marta Steinsvik, Karen Grude Koht, Petra Kvisli, Jenny Arnesen og Ragna Ryther.)
|
|  |
| 
 | | Våde | | tyder 'plage', 'otte' eller 'ulukke'...
| | |
|
 | | 6. september 1845 | | Nyt Gjennemsyn af Hallagers Ordbog. |  |
|
 | | Nordmannen | | Temaside ved Ottar Grepstad |
| | På parti med språket | | Ein gjennomgang av språkpolitikken i norske partiprogram 1906–2013. Nr. 5. i serien "Småskrifter frå Ivar Aasen-tunet".
|
| | Talar og artiklar | | Siste: Dette er Ivar Aasen – Del 2: Reisene |
|
|
|