Redaktør i ÅmliAvisa Inger Stavelin og Magnhild Meltveit Kleppa.
Redaktør Inger Stavelin i ÅmliAvisa fekk i kveld prisen Årets nynorskbrukar 2008. Det var statsråd Magnhild Meltveit Kleppa som overrekte prisen under opningshøgtida til Dei Nynorske Festspela i Ivar Aasen-tunet.
ÅmliAvisa blei starta opp 1. mars i år, og redaktøren sa i takketalen at ho hadde mange val å ta før avisa først kom ut. Språkvalet fall på nynorsk fordi dette er hovudmålet i sørlandsbygda og det skriftspråket som ligg nærmast opp til åmlidialekten. – Det er svært inspirerande å få ein slik pris. Dei 50 000 som følgjer med prisen kjem svært godt med, for det er enno to år igjen før ÅmliAvisa kan motta pressestøtte. sa Inger Stavelin i sin takketale.
Grunngjevinga frå juryen og meir om prisen kan du lese i pristalen som blei framført av statsråd Magnhild Meltveit Kleppa.
Den attande festspelforfattaren under Dei nynorske festspela blir presentert på Ivar Aasens 197. fødselsdag torsdag 5. august. Ivar Aasen-tunet inviterer denne dagen både til gratis fødselsdagskake, eit møte med festspelforfattaren 2011 og spesialomvising i utstillinga ”Ivar Aasen i bruk”.