Bilete
blank
EnglishDeutsch
Ivar AasenSpråkLitteraturMuseumSkuleArrangementDei nynorske festspelaBesøk oss
blank
 
Nettstadkart
Startsida
Ivar Aasen
Språk
Litteratur
Museum
Skule
Arrangement
Dei nynorske festspela
Besøk oss
Butikk
Nytt
Kontakt
blank
Her er du: Nytt
Kontakt | Opningstider | Presse
Lars Amund Vaage festspeldiktar i 2008blank
Lars Amund Vaage blei presentert som festspeldiktar i 2008 på Ivar Aasen sin fødselsdag. Foto: Hild Nordal, Sunnmørsposten
Lars Amund Vaage blei presentert som festspeldiktar i 2008 på Ivar Aasen sin fødselsdag. Foto: Hild Nordal, Sunnmørsposten
Lars Amund Vaage blir festspeldiktar under Dei Nynorske Festspela 2008.

Vaage er den femtande forfattaren som får oppdraget som festspeldiktar. Dei Nynorske Festspela har vore arrangerte i Ørsta og Volda kvart år sidan 1992. Neste år tek dei til i Ivar Aasen-tunet onsdag 25. juni og sluttar søndag 29. juni. Festspela blir arrangerte av Nynorsk kultursentrum.
 
Festspeldiktaren blei presentert under ei tilstelling på Ivar Aasens 194. fødselsdag i Ivar Aasen-tunet søndag. – Eg vil gjerne at bøkene mine skal vere vakre, sa Vaage. – Musikken er ei stor sak for meg. Det er som eg spelar når eg skriv, og eg trur det er noko songbart ved bøkene mine, sa Vaage etter at han hadde spelt eit preludium av J.S. Bach på flygelet i Aasen-tunet.
 
Kva Lars Amund Vaage skal gjere under Festspela neste år, blir fastlagt utover hausten og vinteren. – Publikum skal nok få både det dei ventar og noko som overraskar, seier programansvarleg Åshild Widerøe. – Søndag viste denne framifrå forfattaren at han er ein meir enn habil pianist også, og som festspeldiktar skal Vaage prege programmet slik Erna Osland gjorde i år. Dermed blir Festspela ganske ulike frå år til år, seier Widerøe.
 
Lars Amund Vaage er fødd på Sunde i Sunnhordland i 1952. Han debuterte i 1979 med romanen Øvelse Kald vinter. Han har skrive 15 bøker; romanar, noveller, skodespel, barnebøker og diktsamlingar. I 1995 fekk han Kritikarprisen for romanen Rubato, som han også blei nominert til Nordisk Råds litteraturpris for, og i 2002 vann han P2-lyttarane sin romanpris for Kunsten å gå. Vaage har fått ei rekkje andre prisar og blir rekna som ein av dei aller fremste og mest kresne stilistane i norsk samtidslitteratur.

Festspeldiktarar 1994–2008
1994: Kjartan Fløgstad
1995: Halldis Moren Vesaas
1996: Paal-Helge Haugen
1997: Ragnar Hovland
1998: Jon Fosse
1999: Åse-Marie Nesse
2000: Rune Belsvik
2001: Brit Bildøen
2002: Einar Økland
2003: Marie Takvam
2004: Frode Grytten
2005: Edvard Hoem
2006: Olaug Nilssen
2007: Erna Osland
2008: Lars Amund Vaage
 
(06.08.07)
Skriv ut
blank
blank
RSS   RSS
blank
blank
Nyhendebrev
Meld deg på vår e-postliste og få nytt om og frå Aasen-tunet på e-post. Kryss av for dei emna som er interessante for deg.

Arrangement
Dei Nynorske Festspela
Nytt i Aasen-tunet
Nytt på nettstaden
Skuletilbod
Språkpolitikk
Tilbod om lokalleige


E-post adresse:

 
blank
Nyhende
Jon Eikemo med Per Sivle-framsyning på Ørsta kulturhus
Onsdag 10. februar kjem Jon Eikemo til Ørsta kulturhus med framsyninga "Ikkje lenger enn min kjærleik rekk".

Dei språklege skilnadene i Noreg aukar
– Dei språklege skilnadene aukar i Noreg, og det er bra, sa direktør Ottar Grepstad i Ivar Aasen-tunet då han onsdag lanserte ”Språkfakta 2010”.

Nye forteljingar om Ivar Aasen
Det blir framleis skrive nye forteljingar om Ivar Aasen. Tysdag 26. januar opna ei ny nettutstilling med utgangspunkt i bilete av 20 gjenstandar som Ivar Aasen i si tid eigde.

RSS   RSS

Dagens ord
Gjeng
kjem frå engelsk gang og kan ...  
 
Nettbutikk
Pipe-t-skjortePipe-t-skjorte
T-skjorte med bilete av Ivar Aasen si pipe
blank
Aktuelle prosjekt
Nordmannen
Temaside ved Ottar Grepstad

På parti med språket
Ein gjennomgang av språkpolitikken i norske partiprogram 1906–2013. Nr. 5. i serien "Småskrifter frå Ivar Aasen-tunet".

Talar og artiklar

KvaSkjer
10. Februar
Jon Eikemo: Per Sivle – Ikkje lenger enn min kjærleik rekk
blank
21. Februar
Språk vest i havet
blank
14. Mars
Familiedag med teikneseriar
blank
 
 
Nynorsk kultursentrum, Indrehovdevegen 176, N-6160 Hovdebygda
Telefon: 70 04 75 70 • Telefaks: 70 04 75 71 • E-post: admin(a)aasentunet.no
aasentunet.no er utvikla av Avento. Formgiving: Aina Griffin og Astrid Loraas.
© Nynorsk kultursentrum
 
 
-