Nettleseren din klarer ikke å spille av dette elementet. Du kan klikke for å laste ned nyeste versjon av macromedia flash.
blank
EnglishDeutsch
Ivar AasenSpråkLitteraturMuseumSkuleArrangementDei nynorske festspelaBesøk oss
blank
 
Nettstadkart
Startsida
Ivar Aasen
Språk
Litteratur
Museum
Skule
Arrangement
Dei nynorske festspela
Besøk oss
Butikk
Nytt
Kontakt
blank
Her er du: Nytt
Kontakt | Opningstider | Presse
Klassisk sommarkonsert i Aasen-tunetblank
Siri Hovde, Sigmund Eikeset og Krisztina Eikeset
Siri Hovde, Sigmund Eikeset og Krisztina Eikeset
Siri Hovde, Krisztina Eikeset og Sigmund Eikeset serverer klassiske perler frå Bach, Kodaly og Haydn i Ivar Aasen-tunet søndag 1. august.

Den intime Fehn-salen dannar ei flott ramme rundt denne eine konserten trioen med fløyte, cello og fiolin har medan dei er heime på sommarferie.
 
Siri Hovde frå Ørsta er fløytist og student på masterstudiet ved Noregs musikkhøgskule Siri Hovde jobba i 2007-2008 som fløytist i Forsvarets Musikkorps Nord-Norge, og same året fekk ho Sparebank1 Volda Ørsta sitt kulturstipend. Ho har også spelt i Det norske blåseensemble, Kringkastingsorkesteret og Oslo filharmoniske orkester.
 
Sigmund Eikeset frå Ørsta er fiolinist. I 2007-2008 spelte han i Ålesund Strykekvartett, og han har også hatt frilansoppdrag i Kringkstingsorkesteret, Göteborgs Operaens Orkester og Göteborgs Symfoniker, frå han i januar blei tilsett i Kristiansand Symfoniorkester. Sigmund har studert fiolin ved Noregs musikkhøgskule og teke master i orkesterspel ved Swedish National Orchestra Academy.
 
Krisztina Eikeset er ein ungarsk-rumensk cellist med utdanning frå Cluj Napoca og Swedish National Orchestra Academy i Göteborg. Krisztina har i løpet av studietida vunne ei rekke nasjonale konkurransar både innan kammermusikk og solospel. No er ho frilansmusikar, busett i Kristiansand.

Johann Sebastian Bach (1685-1703) er ein av dei mest kjende komponistane frå barokken. Partita i a-moll for solofløyte (BWV 1013) er det einaste solostykket han skreiv for dette instrumentet. Stykket er ei dansesuite i fire satsar og vart mest truleg skrive då Bach var kapellmeister i Köthen (1717-1723).

Zoltan Kodaly (1882-1967) var ein ungarsk komponist og folkemusikkforskar. Saman med Bela Bartok kartla han den ungarske folkloren, og samla inn folkemusikk frå Ungarn og nabolanda. Komposisjonane hans er i impresjonistisk-nyromantisk stil og han brukar ofte element frå folkemusikk. Noko vi nettopp kan høyre i Duo op.7 for fiolin og cello, som er eit av Kodaly sine mest sentrale verk.
 
Joseph Haydn (1732-1809) var ein av dei mest framståande, innovative og produktive komponistane i wienerklassisismen. Tradisjonelt blir Haydn rekna som far til den klassiske symfonien og strykekvartetten. Hovde, Eikeset og Eikeset spelar vakker, lett og sprudlande underhaldningsmusikk av Haydn, divertimento for fløyte, fiolin og cello, opus 100.
 
 
SØNDAG 1. AUGUST
16.00–17.00 Salen, Ivar Aasen-tunet
Klassisk i tunet
Krisztina Eikeset, cello, Sigmund Eikeset, fiolin, og Siri Hovde, fløyte
Kr 100 vaksne / 50 barn, skuleelevar og studentar / 200 familie
 
(19.07.10)
Skriv ut
blank
blank
RSS   RSS
blank
blank
Nyhendebrev
Meld deg på vår e-postliste og få nytt om og frå Aasen-tunet på e-post. Kryss av for dei emna som er interessante for deg.

Arrangement
Dei Nynorske Festspela
Nytt i Aasen-tunet
Nytt på nettstaden
Skuletilbod
Språkpolitikk
Tilbod om lokalleige


E-post adresse:

 
blank
Nyhende
Nynorsk kultursentrum skal etablere og drive Olav H. Hauge-senteret i Ulvik
Nynorsk kultursentrum tek frå nyttår over ansvaret for å etablere, utvikle og drive Olav H. Hauge-senteret i Ulvik i Hardanger. Det er klart etter at styra i Olav H. Hauge-stiftinga og Nynorsk kultursentrum samrøystes har godkjent ein avtale om samanslåing.

– Avisene viktigare enn bøkene
– Pressa har vore viktigare enn forlaga i utviklinga av nynorsk skriftkultur. Det er ein av konklusjonane til Ottar Grepstad i den nye boka Avisene som utvida Noreg som Samlaget gir ut i haust.

Friaren Nordstoga i Aasen-tunet
Aasmund Nordstoga kjem til Aasen-tunet med nye versjonar av tradisjonelle viser onsdag 15. september.

RSS   RSS

Dagens ord
Våde
tyder 'plage', 'otte' eller 'ulukke'...  
 
Nettbutikk
Aasen-boksar - Herre svart LAasen-boksar - Herre svart L
No på lager!
blank
Festspel-t-skjorta 2010 (blå)Festspel-t-skjorta 2010 (blå)
T-skjorte med sitat frå festspeldiktar Rønnaug Kleiva.
blank
Aktuelle prosjekt
Nordmannen
Temaside ved Ottar Grepstad

På parti med språket
Ein gjennomgang av språkpolitikken i norske partiprogram 1906–2013. Nr. 5. i serien "Småskrifter frå Ivar Aasen-tunet".

Talar og artiklar
Siste: Dette er Ivar Aasen – Del 2: Reisene

KvaSkjer
15. september
Aasmund Nordstoga
blank
15. september
Frivilligmøte
blank
19. september
Aasen-tunets soppdag
blank
 
 
Nynorsk kultursentrum, Indrehovdevegen 176, N-6160 Hovdebygda
Telefon: 70 04 75 70 • Telefaks: 70 04 75 71 • E-post: admin(a)aasentunet.no
aasentunet.no er utvikla av Avento. Formgiving: Aina Griffin og Astrid Loraas.
© Nynorsk kultursentrum
 
 
-