Bilete
blank
EnglishDeutsch
Ivar AasenSpråkLitteraturMuseumSkuleArrangementDei nynorske festspelaBesøk oss
blank
 
Nettstadkart
Startsida
Ivar Aasen
Språk
Litteratur
Museum
Skule
Arrangement
Dei nynorske festspela
Besøk oss
Butikk
Nytt
Kontakt
blank
Her er du: Nytt
Kontakt | Opningstider | Presse
Maria Parr er Årets nynorskbrukarblank
Maria Parr (foto: Sølvi Brudevoll)
Maria Parr (foto: Sølvi Brudevoll)
Maria Parr er Årets nynorskbrukar 2010. Ho får prisen for utsøkt evne til å skape klok og sterk litteratur som gjer det mogleg for born og unge å få meir nærkontakt med nynorsk.

Parr syner kva som er mogleg og at mykje må gjerast i i norsk litteraturpolitikk for å utvikle meir godt lesestoff for born og unge på nynorsk, seier styret i Nynorsk kultursentrum i si grunngiving for tildelinga.
 
Prisen på 50 000 kr blir delt ut under opningshøgtida for Dei nynorske festspela 24. juni.
 
Ein kulturpolitisk pris 
– Dette er ein kulturpolitisk pris, seier direktør Ottar Grepstad i Nynorsk kultursentrum. – Maria Parr er ein fenomenal forfattar som alt har fått mange velfortente litteraturprisar for bøkene sine. Med denne prisen peikar vi på det litteraturpolitiske alvoret i at born og unge manglar lesestoff på nynorsk, medan landet fløymer over av litteratur på bokmål både i trykt og digital form. Det Maria Parr gjer, kan ikkje overvurderast, seier Grepstad.
 
Nynorsk kultursentrum har i fleire år arbeidd mykje med nynorsk barnekultur og lesestoff for born og unge. Emnet blei mellom anna drøfta i årstalane om tilstanden for nynorsk skriftkultur både i 2008 og 2009. Tunkatten Lurivar med nettstaden tunkatten.no er blitt ein populær figur, og grunnforteljinga om tunkatten var det Maria Parr som skapte. I 2006 gjekk Nynorsk kultursentrum inn som medstiftar i Rasmus Løland-markeringa 2007–2011 for å styrkje nynorsk barnelitteratur. Nynorsk kultursentrum er også med i fagrådet for barnebokfestivalen Falturiltu på Stord.
 
Den fremste nynorskprisen          
Nynorsk kultursentrum har kåra Årets nynorskbrukar sidan 2000. Prisen blir tildelt personar eller institusjonar som har synt evne til å bryte med språklege og kulturelle konvensjonar om bruk av nynorsk, som gjennom sitt føredøme eller praktiske arbeid gjer det lettare å vere nynorskbrukar, eller som skaper større allmenn forståing for nynorsk.
 
Årets nynorskbrukar blir no rekna som den fremste nynorskprisen. På lista over tidlegare prisvinnarar står både ein høgsterettsdomar, hotelldirektør og ein lege, fleire redaktørar og ein heil skule. Maria Parr er den første forfattaren som får prisen for det skjønnlitterære arbeidet sitt.  
 
Årets nynorskbrukar 2000–2010
2000     Høgsterettsdomar Karl Arne Utgård
2001     Hotelldirektør og visepresident i NHO, Gerd Kjellaug Berge
2002     Ringstabekk skole, Bærum
2003     Redaktør Martin Toft
2004     Musikkgruppa Side Brok
2005     Forfattar Kjartan Fløgstad
2006     Forretningskvinne og toppidrettsutøvar Kari Traa
2007     Forlagsredaktør Guri Vesaas
2008     ÅmliAvisa v/redaktør Inger Stavelin
2009     Seksjonsoverlege Ottar Rekkedal
2010     Forfattar Maria Parr
 
(08.04.10)
Skriv ut
blank
blank
RSS   RSS
blank
blank
Nyhendebrev
Meld deg på vår e-postliste og få nytt om og frå Aasen-tunet på e-post. Kryss av for dei emna som er interessante for deg.

Arrangement
Dei Nynorske Festspela
Nytt i Aasen-tunet
Nytt på nettstaden
Skuletilbod
Språkpolitikk
Tilbod om lokalleige


E-post adresse:

 
blank
KvaSkjer
19. februar
Fiskarkona og døtrene hennar - eit 100-årig kvinneminneabum
blank
29. februar
Ordnytt frå Norsk Ordbok
blank
8. mars
Marit Eikemo
blank
Siste ytring
23. november
Rart, sterkt og fargerikt
Norsk Tipping profilerer seg i ein eigen annonsekampanje som den viktigaste økonomiske bidragsytaren til Den kulturelle skulesekken.

Dagens ord
Tevla
tydde eigenleg 'spela tavl' (brettspel)...  
 
Nettbutikk
Beate S. Lech: Min song og hjarteskatt
Beate S. Lech: Min song og hjarteskatt
Jazz og religiøse folketonar (Kirkelig kulturverstad 2011)
blank
Pakketilbod: Vaffehjarte og Bestevenn
Pakketilbod: Vaffehjarte og Bestevenn
Få boka Vaffehjarte av Maria Parr og cd-en til Odd Nordstoga Bestevenn til spesialpris
blank
Aktuelle prosjekt
Nordmannen
Temaside ved Ottar Grepstad

Talar og artiklar
Siste: "Gledene ved plikta" – årstale nr. 11 om tilstanden for nynorsk skriftkultur

 
 
Nynorsk kultursentrum, Indrehovdevegen 176, N-6160 Hovdebygda
Telefon: 70 04 75 70 • Telefaks: 70 04 75 71 • E-post: admin(a)aasentunet.no
aasentunet.no er utvikla av Avento. Formgiving: Aina Griffin og Astrid Loraas.
© Nynorsk kultursentrum
 
 
-