Nettleseren din klarer ikke å spille av dette elementet. Du kan klikke for å laste ned nyeste versjon av macromedia flash.
blank
EnglishDeutsch
Ivar AasenSpråkLitteraturMuseumSkuleArrangementDei nynorske festspelaBesøk oss
blank
 
Nettstadkart
Startsida
Ivar Aasen
Språk
Litteratur
Museum
Skule
Arrangement
Dei nynorske festspela
Besøk oss
Butikk
Nytt
Kontakt
blank
Her er du: Nytt
Kontakt | Opningstider | Presse
Utstilling med kjælne kjevleblank
Swiss-Army-kjevle (foto: Ole Fretheim)
Swiss-Army-kjevle (foto: Ole Fretheim)
Utstillinga "Kjælne kjevler og tomme hender" av Hans Sande opnar i Galleriet i Ivar Aasen-tunet onsdag 11. november.

Visste du at kjevle som blir liggande ubrukte og passive, kan kollapse totalt og bli til flatkjevle? Eller at kjevle som ligg tett saman og ventar kan klenge seg til kvarandre slik at det er uråd å lirke dei laus og få retta dei ut igjen? Dette og meir du ikkje visste om kjevla sitt hemmelege liv kan du sjå med eigne auge i utstillinga Kjælne kjevler og tomme hender.
 
Gjennom fleire tusen år har kjevle vore gode hjelparar for menneske over heile verda. Men kva skjer når dei ligg stua bort i skuffer og skap? Nokre einsame kjevle kollapsar og blir til slutt til flatkjevle, andre tøyer og bøyer seg og blir til tvikjevle, slik at dei i alle fall oppnår kontakt med sin eigen lengtande skrott.
 
Dei siste fem åra har stadig fleire uvanlege kjevle dukka opp i og utanfor hovudet til Hans Sande, der dei lever sine merkverdige liv. På denne utstillinga i Ivar Aasen-tunet kan du sjå mange slike skapnader og få eit levande inntrykk av kva som skjer når lengten etter gode hender blir for sterk. Dagleg leiar ved Volda bygdetun, Heidi Thöni Sletten, står for den offisielle opninga av utstillinga.
 
Hans Sande er forfattar og psykiater og har gitt ut 41 skjønnlitterære bøker. I det stille har han også arbeidd som biletkunstnar i alle år, men det er først med dette prosjektet han viser fram det han lagar for ålmenta. Same kvelden som utstillinga opnar, er Hans Sande også med på Boknatta i Aasen-tunet med si nyaste diktsamling, Heilt konge – dikt for unge og galne.
 
 
ONSDAG 11. NOVEMBER
19.30 Galleriet, Ivar Aasen-tunet
Kjælne kjevler og tomme hender
Utstillinga står t.o.m. søndag 29. november
Gratis opningsdagen, elles kr 30
 
(06.11.09)
Skriv ut
blank
blank
RSS   RSS
blank
blank
Nyhendebrev
Meld deg på vår e-postliste og få nytt om og frå Aasen-tunet på e-post. Kryss av for dei emna som er interessante for deg.

Arrangement
Dei Nynorske Festspela
Nytt i Aasen-tunet
Nytt på nettstaden
Skuletilbod
Språkpolitikk
Tilbod om lokalleige


E-post adresse:

 
blank
Nyhende
Klassisk sommarkonsert i Aasen-tunet
Siri Hovde, Krisztina Eikeset og Sigmund Eikeset serverer klassiske perler frå Bach, Kodaly og Haydn i Ivar Aasen-tunet søndag 1. august.

Møt festspelforfattaren 2011 på Aasens fødselsdag
Den attande festspelforfattaren under Dei nynorske festspela blir presentert på Ivar Aasens 197. fødselsdag torsdag 5. august. Ivar Aasen-tunet inviterer denne dagen både til gratis fødselsdagskake, eit møte med festspelforfattaren 2011 og spesialomvising i utstillinga ”Ivar Aasen i bruk”.

Unik utstilling med Aasen som motiv
Torsdag 5. august held Jostein Mo spesialomvising for utstillinga "Ivar Aasen i bruk".

RSS   RSS

Dagens ord
Kale
er eit ord for tauverk av ymse slag...  
 
Nettbutikk
Aasen-boksar - Herre svart LAasen-boksar - Herre svart L
No på lager!
blank
Festspel-t-skjorta 2010 (blå)Festspel-t-skjorta 2010 (blå)
T-skjorte med sitat frå festspeldiktar Rønnaug Kleiva.
blank
Aktuelle prosjekt
Nordmannen
Temaside ved Ottar Grepstad

På parti med språket
Ein gjennomgang av språkpolitikken i norske partiprogram 1906–2013. Nr. 5. i serien "Småskrifter frå Ivar Aasen-tunet".

Talar og artiklar
Siste: Dette er Ivar Aasen – Del 2: Reisene

KvaSkjer
01. august
Klassisk i tunet
blank
05. august
Ivar Aasen i bruk
blank
05. august
Ivar Aasens 197. fødselsdag
blank
 
 
Nynorsk kultursentrum, Indrehovdevegen 176, N-6160 Hovdebygda
Telefon: 70 04 75 70 • Telefaks: 70 04 75 71 • E-post: admin(a)aasentunet.no
aasentunet.no er utvikla av Avento. Formgiving: Aina Griffin og Astrid Loraas.
© Nynorsk kultursentrum
 
 
-