Veret_i_poesien_2018_kollasjNY.jpg
Foto: Foto: C. C. Wischmann, K.K. Kleppe, Jens Haugen

Vêret i poesien

Når:
Kvar:
Ivar Aasen-tunet, Salen
Vaksen
100
Kjøp billettar

Onsdag 21. mars er det den internasjonale poesidagen og to dagar til den internasjonale meteorologidagen. Tre litteraturmuseum presenterer diktarane Børli, Garborg og Aasen, som var frå ulike delar av landet, og samtalar om kva rolle vêret spelar i diktinga deira.

Merk: Ingun Aastebøl kan dessverre ikkje kome i dag, så difor går innlegget om Børli ut.

I år er det 100-årsjubileum for Hans Børli, som blir markert med lokale, regionale og nasjonale hendingar for å feire den folkekjære lyrikaren. Børli frå Hedmark var tømmerhoggar heile sitt yrkesaktive liv og er omtala som «skogens diktar». Han er kjent for sine nære naturskildringar og kunnskap om manuelt arbeid. – Når ein dagleg kjenner vêret på kroppen, er det kanskje ikkje så rart at mange av dikta inneheld noko om vêret. Vêrfenomen og vêrforhold var ofte utgangspunktet for eksistensielle tankar og undringar i dikta til Børli, seier Ingun Aastebøl i Anno museum.

Arne Garborg hadde sterke kjensler for naturen og skreiv det meste av diktsyklusen «Haugtussa» på heimstaden Jæren. I breva han skreiv heim til Hulda kan ein sjå kor sterkt han opplevde den jærske naturen. – Eg vil vise døme på korleis det skiftande jærvêret spelar førstefiolin i Haugtussa, og korleis hovudpersonen Veslemøy sin tilstand speglar seg i årstidene, seier Inger Undheim ved Garborgsenteret.

Ivar Aasen nådde ut til svært mange med dikta sine, særleg gjennom diktsamlinga «Symra» som kom i tre utgåver. Dikta til Aasen handla om menneske i landskap og om deira rolle i historia og naturen. – Vi veit at Aasen var interessert i vêret. Det ser vi av dagbøkene hans, der han med jamne mellomrom seier noko om både kulde, storm og om vêret var vakkert. Så er spørsmålet korleis dette kjem fram i dikta hans, seier Anders Aanes i Aasen-tunet.

Ingun Aastebøl er konservator og seksjonsleiar for Konsvinger museum. Ho arbeider blant anna med prosjektet «Hans Børli – frå måsan til Melkeveien». Inger Undheim er avdelingsdirektør på Garborgsenteret og har lang røynsle som formidlar av Garborg. Anders Aanes er dokumentasjonsleiar ved Ivar Aasen-tunet. Samtalen blir leia av Geir Hjorthol, professor i nordisk litteratur ved Høgskulen i Volda.