Julehefteutstilling2017

Julehefteutstilling (står til og med 23.12.)

Når:
-
Kvar:
Aasen-tunet, basisutstillinga
VaksenFamilieBarnStudentHonnørGruppe
10022050407070

Julehefteutstilling med sjeldne godbitar

Like sikkert som at adventsstjernene dukkar opp i vindauga i heimane våre i desse dagar, er det at julehefta kjem i handelen. Søndag opnar den etter kvart årvisse julehefte-utstillinga i Aasen-tunet.

– Vi har bygt ut utstillinga år for år, og no er dette ei fullverdig utstilling, seier dokumentasjonsansvarleg Anders Aanes. Han fortel at bibliotekar Siri Beate Gjerde har funne fram til skattar i samlingane som ikkje er vortne viste før, og at Aasen-tunet dessutan har sikra seg nokre sjeldne hefte. I tillegg er den trykte delen av utstillinga vorte utvida med endå fleire perspektiv, sitat og illustrasjonar frå hefta.

Julehefte-tradisjonen byrja som eit forlagsinitiativ i Danmark, men spreidde seg raskt til Noreg i 1880-åra. Det første litterære juleheftet på nynorsk for vaksne kom i 1904, og hadde tittelen Jolekvelden. Dette er tradisjonen som er vorten teken opp att i Herborg Kråkevik og Samlaget si nyutgiving av Juleroser.

– Vi har lyst å trekkje fram ein tradisjon der nynorsken har stått sterkt, og det gjeld i høgste grad julehefta, seier dagleg leiar i Ivar Aasen-tunet, Gaute Øvereng. Han fortel at det eldste barnebladet i verda som framleis kjem ut, Norsk Barneblad, har gitt ut sitt eige julehefte Juletre sidan 1898.

For mange i dag er det kanskje likevel først og fremst teikneseriane ein tenkjer på når det kjem til julehefte. Smørbukk, Vangsgutane, Tuss og Troll og Ingeniør Knut Berg blir her rekna for å vere dei viktigaste i den nynorske tradisjonen.

– Alle desse tok til å kome ut som julehefte i 1940-åra. For mange som vaks opp på 1940-, 1950- og 1960-talet, er slike julehefte difor ein viktig del av jula, som kanskje gir ein smak av barndom og oppvekst, seier Øvereng, og ønskjer vel møtt til utstillinga.