Plansje frå utstilling "Det usynlege språket".
Plansje frå utstilling "Det usynlege språket".Foto: Ivar Aasen-tunet

Temautstilling: Det usynlege språket. Omsetjing og gjendikting (står til 31.3.)

Når:
-
Kvar:
Ivar Aasen-tunet, basisutstillinga
VaksenFamilieBarnStudentHonnørGruppe
10022050507070

Kvifor er det viktig å kunne lese verdslitteraturen på sitt eige morsmål? Kvifor les vi ikkje engelske bøker på engelsk?

Og tenkjer vi over alt arbeidet som ligg bak ei omsetjing av eit litterært verk?
Slike spørsmål vart stilte under arbeidet med temautstillinga Det usynlege språket. – Omsetjing vedrører mange, men er lett å oversjå. Vi har prøvt å sjå saka både frå publikum, omsetjaren og forfattarens side – til vidare refleksjon og undring, seier dokumentasjonsansvarleg Anders Aanes i Aasen-tunet.
 
No som før lét vi utsegnene frå andre tale for seg. Gjennom eit utval av det vi meiner er råkande og skilsetjande sitat, dessutan viktige foto og illustrasjonar, vonar vi at omsetjargjerninga kjem fram i lyset på ein ny måte.
 
– Ein omsetjar kan ikkje berre setje om orda slik at lesaren forstår dei, sa Tove Bakke i eit intervju med Norsk Tidend i 2007. Fordi personane i så stor grad blir skildra gjennom det dei seier, må effekten av språket vere den same i den norske omsetjinga som i den franske, seier ho vidare. Det er denne brubygginga mellom kulturar vi no stiller ut, avsluttar Aanes.
 
Utstillinga vart første gong vist under Dei nynorske festspela i 2009.