Homoerotikk_1930talet_kollasj.jpg
Foto: Gyldendal Norsk Forlag, ukjent/Scanpix, Allkunne

Skeiv lyrikk frå 1930-talet

Når:
Vaksen
GRATIS

Fredag 11. mai inviterer Allkunne til lunsj og lyrikk i Aasen-tunet. Arrangementet er gratis, og kafeen er open.

Redaktøren i Allkunne vil presentere diktaren Åsmund Sveen, og lese fleire dikt av han.

– Allereie på 1930-talet kom det med dikt med tydeleg homoerotisk innhald på nynorsk. Åsmund Sveen fekk velfortent ros for godt komponerte dikt og modig innhald av fleire meldararar, seier Sandsmark, som vil fortelje meir under arrangementet.

– Det er interessant at i den nynorske litteraturhistoria er ikkje Sveen aleine om å vere tidleg ute med skeiv tematikk på nynorsk. Det Norske Samlaget gav på 1970- og 1980-talet ut fleire dokumentarbøker om homorørsla i Noreg. På 2000-talet er det det forlaget i Noreg som har gitt ut flest barnebøker der forelsking, kjærleik og familieliv mellom to av same kjøn er normalisert, seier Sandsmark vidare.

Arrangørar: Allkunne.no og Ørsta og Volda Pride.