PREMIERE: Opnar Språkåret med Ervingen

PREMIERE: Opnar Språkåret med Ervingen

Søndag 27. januar er det premiere på songspelet Ervingen Ivar Aasen i Ivar Aasen-tunet. Jubileumsframsyninga av og med Vinjeproduksjonar er basert på Ervingen, som Ivar Aasen skreiv i 1855.

I jubileumsframsyninga er det laga plass til fem utvalde dikt av Ivar Aasen, i tillegg til fem av dei opphavlege songane i songspelet. Ruth Olina Lødemel frå Ørsta har ei sentral rolle i songspelet, og har laga fleire av komposisjonane til songane i denne framsyninga.
 
Publikum møter Åmund, som etter fleire år vender heim att til heimgarden. Garden er no kjøpt av ein innflyttar frå byen og Åmund forelskar seg i Inga, dottera på garden.
Heimhug og kjærleik, både til kvinna og til fedrelandet, møter oss i dette stykket. Vil odelsguten Åmund få garden attende, og er kjenslene hans til Inga gjensidige?
 
Vi ønskjer å synleggjere Aasen sin lengt etter kjærleiken og trua på ein eigen norsk identitet, og tenkjer oss difor ein gard på Sunnmørskysten, der Ivar Aasen voks opp. Aasen sjølv kan representere hovudpersonen, han budde i Kristiania i sitt vaksne liv, men fleire gonger røpa han sterk lengt til heimstaden og saknet av kjærleiken, seier Magne Skjævesland i Vinjeproduksjonar.
 
Ervingen hadde premiere 29. april 1855, skreiv Ivar Aasen i dagboka: Ervingen gaaet i det norske Theater. Ingen Ulyd. Songspelet er eit av dei mest spelte stykka på amatørteater i Noreg.
Språkåret 2013 er ei nasjonal feiring språkleg mangfald i Noreg, med utgangspunkt i at det er 200 år sidan Ivar Aasen blei fødd og 100 år sidan Det Norske Teatret opna.
 
PREMIERE: Opnar Språkåret med Ervingen
Ervingen_skjævesland.jpg
 
PREMIERE: Opnar Språkåret med Ervingen
Ervingen_lødemel-og-skjævesland.jpg
Magne Skjævesland og Ruth Olina Lødemel (foto: Vinjeproduksjonar)
 
 
(18.1.2012)