Oversikt nynorske teikneseriar

Orienter deg om teikneseriar på nynorsk og dialekt.

Denne oversikta er truleg ikkje utan hol, og me tek svært gjerne mot tillegg og rettingar. På lista er det teke med seriar på nynorsk og dialekt, og seriar som er omsette til nynorsk. I ulike antologiar og teikneserieblad finst det i tillegg mange seriar på nynorsk, og nokre utanlandske seriar har òg vore omsett til nynorsk for bruk i aviser. Mellom anna skal Fantomet ha hatt nynorsk tekst i Avisa Møre på 1970-talet.

Har du tillegg eller rettingar, kan du ta melde det til dokumentasjonsleiar Anders Aanes

Seriane kjem her i alfabetisk rekkjefølgje.
 
Amputerte klassikere Steffen Kverneland har så langt kome med fire album i denne serien, der han tek føre seg utdrag frå litterære klassikarar. Nokre av desse klassikarane er nynorske. Han har teke føre seg tekstar av Tarjei Vesaas og Kjartan Fløgstad (bd. I, 1994), Ragnar Hovland, Stephen Walton, Dante Alighieri, Arne Garborg og Steffen Kverneland (bd. II, 1996), Kjartan Fløgstad, Jon Fosse, Arne Garborg, Ragnar Hovland, Kristofer Uppdal og Tarjei Vesaas (bd. III, 1999), og Herbjørn Sørebø, Jon Fosse, Olav H. Hauge, Ragnar Hovland og Jakob Sande (bd. IV, 2001).

Annika
Norsk Barneblad 6/1991 - . I serien Vi på Eiketun i Bondebladet  er Annika kjærasten til hovudpersonen Ralle. Her fekk ho sin eigen serie. I 1997 kom det eit Annika-album: Den nifse natta. Både tekst og teikning er av Håkon Aasnes.

Bamsemann
 Serien kom både på nynorsk og bokmål, og har hatt nokre ulike namnevariantar (Bamsemann i Småland/I Småland/Eventyrserien). Serien stod på trykk i Barnebladet Magne i 1957-1959, kanskje lenger, og kom som julehefte 1956-58 og 1964-1976. I 1977 og 1978 kom opptrykk av gamle hefte. Tekst av Øyvind Dybvad, teikningar av Jens H. Nilssen (1956-58) og Bjarne Kristoffersen (1964-76).

Besse B
 Nynorsk Vekeblad prøvenummer 1934 - 16/1940. Serien var opphavleg svensk, og var der kalla Kalle K. Same namnet var brukt i bokmålsvarianten, som vart trykt i Illustrert Familieblad, der han gjekk til 1967. Serien var skriven av Arne Svendsen fram til 1958, då Fr. W. Ilboe tok over. Nynorsk Vekeblad fortel ikkje kven som var teiknar, men frå 1941 var G. Gjerding hovudteiknar. Thorvald Ravn teikna nokre striper. Nokre av originalstripene vart trykte i Dag og Tid 42/1983 - 3/1984.
 
Bibelen 2 Steffen Kverneland har illustrert denne satiriske boka frå 2002, som er skriven av Are Kalvø . "Kva ville skjedd dersom Jesus kom tilbake i år 2002, og kva ville media brukt denne hendinga til? Og kommunikasjonsrådgivarane? I korte trekk er dette utgangspunktet for forfattar Are Kalvø og teiknar Steffen Kvernelands elleville harselas over Noreg og nordmenn anno 2002", skriv Det Norske Samlaget på nettsidene sine om utgjevinga. Boka har både einskildillustrasjonar og striper.
 
Billy Avisserien Billy finst i nynorsk parallellutgåve. Omsett av Gard Espeland og Velle Espeland.
 
Bjartmann Av Øystein Runde. Om ein superhelt med meir entusiasme enn vit. Gjekk som serie i Larsons gale verden, går no som stripeserie i Spirit. Det kom dessutan ut to hefte med Bjartmann i 2004.

Bjørnen og reven Norsk Barneblad 16/17-1989. Debuten til Inkalill, pseudonym for Ingalill Røsberg.

Bjørnen, ulven og reven
Norsk Barneblad 11/1990. Teikning: Olav Hagen.

Brumle
Nynorsk Vekeblad 5/1935 - 16/1940. Serien gjekk i Illustrert Familieblad frå 1935 til 1958, og dei åra serien gjekk i Nynorsk Vekeblad, var teksten omsett frå bokmål. Både tekst og teikning var av Haake Christensen.

Bukken og havresekken Dag og Tid 7/1984-12/1984. Tekst og teikning av Birger Bock-Bræk, eit dekknamn for Gard Espeland.

Bør Børson
Nynorsk Vekeblad 38-47/1941. Basert på romanen av Johan Falkberget, teikningar av Arne Wold. Bør Børson gjekk som teikneserie i ti nummer, deretter trykte bladet resten av romanen utan teikningar.
  
Dali Norsk Barneblad 2/1999 - 6-7/2000. Tekst og teikning: Einar Lunden.
 
Dante: Den guddommelege komedie som teikneserie - Helvetet Av Marcello Toninelli. Humoristisk teikneserieversjon av fyrste delen av storverket til Dante, omsett til norsk av Bodil Moss. Den norske utgåva kom ut i bokform i 2007.

Dei tre musketerane Norsk Barneblad gav ut dette albumet i 1965. Serien er omsett frå fransk, og er basert på romanen til Alexander Dumas, teikningane er av S. Vallve.
  
Den fattige skreddaren og rabbinaren Av Anders Kvåle Rue.
Teikneserieversjon av eit jødisk eventyr. Publisert i julebladet Barneglede i 1991.
  
Donald Duck Frå 1984 til 1991 kom sju Disney-album i nynorsk utgåve. Alle hefta kom samstundes på bokmål. Dei to første kom under vignetten "Eventyrlege forteljingar om Donald Duck & Co"; dei fem siste under "Eventyr frå skattkista til Onkel Skrue". Titlane på dei sju hefta er Regnguden frå Uxmal (1984), Kvitt gull frå Matterhorn (1984), Reisa til Key West (1985), Picasso-kuppet i Barcelona (1985), Tur-retur Grand Canyon (1987), Skotskrutet familiefeide (1989) og Manhattan (1991). Dag og Tid hadde 1 - 19/1984 ei stripe med Donald Duck i kvart blad, omsett til nynorsk av Gard Espeland.
  
Du er ein luring, Finn Bjølseth Nokre av dei beste seriane om Finn Bjølseth er samla i denne boka frå 2002. Utgjeven på JIPPI Forlag, Oslo. Tekst og teikningar av Jens K. Styve.
 
Då bestefar tok reven  Norsk Barneblad  11/1997. Tekst og teikning av Marianne Fagerbakk.
 
Egon elg Opplysningsserie om røyking. Det same heftet kom ut kvart år 1984 - 1998, bortsett frå 1990. I alle fall to av hefta, 1991 og 1994, finst på nynorsk.
  
Ein motig maur Steffen Kverneland har illustrert denne novella av Tarjei Vesaas med same namn. Novella, som er forkorta av Kverneland, er henta frå samlinga Vindane (1952). Det Norske Samlaget, Oslo, 2006.
  
Ein ring av gull Norsk Barneblad 2-14/1989. Framhald av Soga om Sigrid. Tekst av Sverre Årnes, teikningar av Ivan Andreassen.
  
Eldflygaren Norsk Barneblad 18/1990-5/1991. Både tekst og teikning av Ingalill Røsberg, og dette var første gongen ho hadde ansvaret for både tekst og teikning.

Elgen
Dag og Tid 22/1983-41/1983. Tekst og teikning av Rein Elgeseter, eit pseudonym for Gard Espeland.

Emeralda Norsk Barneblad 17-19/2000. Tekst og teikning: Jan Erik Lehn Kaya.

Fabelsvansen
Norsk Barneblad 10/1988 - 1/1989. Tekst og teikning av Thore Hansen.
 
Feiffer Dag og Tid 1-2/1970 - 19/1980. Serien har same namn som teiknaren, amerikanaren Jules Feiffer.
 
Felina Norsk Barneblad har så langt trykt to framhaldsseriar om Felina. Felina og åndehuset gjekk 6/1995-3/1997, medan Felina og skodespelet som forsvann gjekk 11/2001 - 1/2002. Tekst og teikning av InkaLill.

Finnfinnfinn 
Seriar om Finn Bjølseth, teikna og skrivne av Jens K. Styve. Det har kome tre hefte; nokre av dei beste seriane er samla i boka Du er ein luring, Finn Bjølseth (2002). I bladet Hups! finst fleire seriar av Styve.
  
Futen Av Øystein Runde (manus) og Knut Solberg (teikningar). Serie om ein skattefut i eit univers som blandar element frå eventyr, nasjonalromantikken og det moderne samfunnet. Hovudpersonen snakkar nynorsk, dei andre figurane snakkar anten nynorsk, bokmål eller ulike dialektar. Det har kome ut to album med Futen.

Garborg & Co. Ein serie som vart utgjeve i samarbeid med Garborg-året 2001. Steffen Kverneland har her illustrert nokre tekstar av og om Arne Garborg.

Geir og Lena
Norsk Barneblad 2-8/1994. Tekst av Gerhard Engen (pseudonym for Gard Espeland), teikning av Freda Magnussen.

Gjest Baardsen
Album frå 1991, basert på historiene om den kjende meistertjuven. Tekst av Jostein Mykletun, teikningar av Håkon Aasnes.

Grisen og levemåten
Norsk Barneblad 18-1989. Ny kort serie av Inkalill, i nummeret etter debutserien Bjørnen og reven.
 
Gullterningen av Jorunn Hanto-Haugse. Forteljing på 15 sider om nokre rollespelarar som vert transporterte inn i spelet dei spelar. Publisert i gateavisa Megafon. Hanto-Haugse har òg hatt andre, stuttare forteljingar på prent i Megafon.

Hakkebolle Norsk Barneblad 11-15/1998.  Eventyrserie, teikna av Jens R. Nilssen.

Halle Trallemann Nynorsk Vekeblad prøvenummer 1934 - 11/1940. Bladet skriv ikkje noko om kven som har skrive teksten, men teikningane er signerte av A. Backmann.
Han Ola og Han Per Ein norskamerikansk serie som gjekk i avisa Decorah-Posten i tida 1918-1935. Språket i serien er norskamerikansk, det vil seia at hovudpersonane snakkar norske dialektar, med nokre norske versjonar av engelske ord innimellom. Dei fleste stripene er samla i to innbundne bøker som kom 1984 og 1988. Tekst og teikning av Peter J. Rosendahl.

Hanna 
Norsk Barneblad 1/1990-. Dei første åra dukka serien opp med ujamne mellomrom, men frå 2000 har Hanna vist seg i kvart nummer. Tekst og teikning av Håkon Aasnes.
  
Hans Uredd  Norsk Barneblad gav ut dette albumet i 1987. Serien er laga av Orla Klausen, ein dansk teiknar, og teksten er omsett av Velle Espeland.
  
Haralds illustrerte danseviser Eit album der tekstane er henta frå danseviser. Teikningane er av Harald Aadnevik, og albumet kom i 2002.
 
Hups! Av Jens K. Styve. Har kome ut i to nummer i høvevis 1992 og 1994. Nokre av seriane i bladet har vore på trykk tidlegare, mest i studentaviser og seriefanziner.
 
Havet Av Øystein Ottesen. Stripeserie om havet, livet og kjærleiken.
Publisert på nettserier.no, og går som fast stripe i avisa Sunnhordland.
 
Hårek Serien handlar om vikingen Hårek, og er skapt av amerikanske Dik Browne. Serien kom første gong med norsk tekst i 1973. Hårek var lenge den serien som gjekk i flest norske aviser, men tidleg i 2003 sneik Pondus seg forbi. Serien har også vore trykt på bokmål. Gard Espeland er omsetjar til nynorsk.

Ingeniør Knut Berg på eventyr
Nynorsk Vekeblad 1941-1954. Fram til 36/1943 hadde serien namnet Ingeniør Knut Berg på eventyr i Austerland. Det vart laga julehefte av denne serien frå 1943 til 1960. Teksten var skriven av Vigleik Vikli (eig. Hallvard Sandnes), og teikningane var av Ronald Stone (eig. Jostein Øvrelid). Utvalde striper frå serien gjekk i Dag og Tid 82/1977 - 61/1978, under tittelen DT's teikneserieklassikar. Teikneserien vert utgjeven på nytt som julehefte, først i 1986, men det vart berre med det eine nummeret det året. Sidan er julehefta komne ut i åra frå 2000 til 2005. Frå og med 2007 kjem serien med nye historier, no med manus av Jon Bing og Tor Åge Bringsværd. Den tidlegare Fantomet-teiknaren Knut Westad står bak teikningane. Nynorskdrakta er gjeven av Olaf Almenningen.

Ivar Aasen - ein historie om kjærleik 
Serien handlar om livet til Ivar Aasen, og kom i Aasen-året 1996. Tekst av Erna Osland, teikning av Arild Midttun.  

Jossias
Nynorsk Vekeblad 17/1940 - 37/1941. Anders Moe Rognhaug hadde ansvaret for både tekst og teikning.

Knerten
Nynorsk Vekeblad 47-48/1944 - 11-12/1947. Tekst og teikning av Sten (truleg Sten Nilsen).

Krokofix 
Forfattaren Sverre By står bak både tekst og teikning i dette heftet, som er utan år.

Kva er barneombodet?
Opplysing i teikneserieform. 1982.
  
Margarin Av Øystein Runde (teikningar) og Kristopher Schau (manus).
Absurd familiedrama. Gjekk som serie i bladet Smult. Kom deretter ut i bokform i 2006.
 
Maus Ein amerikansk serie om livet som jøde i Europa før og under andre verdskrigen, fortalt av ein som overlevde og emigrerte til Amerika. Serien er laga av Art Spiegelman, og er omsett av forfattaren Lars Amund Vaage. Band I kom i 1987, og i 1993 kom band I og II samla.
  
Men fjernkontrollen min får du aldri Denne mediesatiriske boka av Are Kalvø frå 2000 har striper og teikningar frå Knut Nærum. Ein kan mellom anna lese Då Harald Stanghelle var liten, ulike reklamesnuttar, og kommentarar frå Ragnhild Sælthun Fjørtoft. Boka er utgjeven på Det Norske Samlaget.
 
Minst Av Øystein Ottesen. Stripeserie om ein gut med ein gullfisk.
Publisert på nettserier.no.

Mostraspelet Kom både som album og bok i 1995, og er ein serieversjon av spelet. Teksten er av Johannes Heggland, teikningane av Jarl-Hugo Låstad.
  
Nazismens fremvekst/Norge i krig  Historisk serie frå Tyskland og frå krigen i Noreg. Serien, som kom i 1981 og 1982, finst både på bokmål og nynorsk. Både tekst og teikning er av Jan O. Henriksen.
 
Nils og Blåmann Nynorsk Vekeblad prøvenummer 1934 - 16/1940. Serien starta alt i 1927, og i Nynorsk Vekeblad var teksten omsett frå bokmål. Serien kom òg som julehefte frå 1929 til 1961. Frå 1974 har gamle historier vorte trykt opp som nye julehefte dei fleste åra. Då serien gjekk i Nynorsk Vekeblad var han skriven av Sigurd Winsnes og teikna av Ivar Mauritz-Hansen. Seinare vart dei avløyste av Bjørn Winsnes og Erik von Krogh.
 
Ola Nordigard Nynorsk Vekeblad 48/1941-38/1944. Serien heldt seinare fram i Bygdeungdommen, og kom med julehefte i 1943, 1945, 1946. Serien var skriven av Erling Moen, og teikna av Arne Wold.
 
Olsenbanden Dag og Tid 42/1984 - 37/1985. Sverre Årnes og teiknaren Håkon Aasnes laga i alt fem teikneseriealbum baserte på filmane om Olsen-banden. Dag og Tid prenta i kvart nummer ei side frå det andre albumet, Hodeskallekuppet, med teksten omsett til nynorsk av Gard Espeland.
 
Peik Då Øyvind Dybvad slutta i Norsk Barneblad, slutta han òg som manusforfattar for Smørbukk. Peik er ein serie om ein Smørbukk-liknande gut, og kom som julehefte 1955-60. Heftet frå 1955 vart i 2000 utgitt i serien Norske serieperler. Tekst av Øyvind Dybvad, teikningar av Jens R. Nilssen/Jens H. Nilssen (1955-57), Bjarne Kristoffersen (1958-60).
 
Personalrommet Stripeserie av Jorunn Hanto-Haugse. Går fast i bladet Utdanning.  
 
På kloden Dag og Tid 42/1998 - 45/1999. Tekst og teikning av Ola A. Hegdal. Serien finst òg i tre seriehefte, som kom i 1993, 1997 og 2001.
  
Raff og Brage Av Øystein Ottesen. Stripeserie om to lundefuglar som drøymer om Amerika. Publisert på nettserier.no
 
Reisen til Helseland Norsk Tannvern stod bak utgjevinga av dette heftet, som vart delt ut gratis til skuleelevar frå 1952 og langt ut i 1970-åra. Heftet har kome i mange opplag og ulike utgåver. Den første utgåva frå 1952 finst både på nynorsk og bokmål. Det er ikkje kjent kven som skreiv og teikna heftet, men Norsk Tegneserie Index skriv at Kåre Brattung kan ha vore teiknaren.
  
Reveland Av Jorunn Hanto-Haugse. Avisteikneserie som oppstod i 2003, som finalist i serietevlinga til Dagbladet. Byrja i mars 2007 som fast laurdagsserie i avisa Hordaland, og frå 2009 i Vikebladet Vestposten.
  
Rundetid Av Øystein Runde. Stripeserie som gjekk i Spirit. Kom ut i samla bokform på Gyldendal i 2008.
 
Rune og dei kule foreldra Norsk Barneblad 18-20/1995. Tekst og teikning av Kaj Konrad Clausen.
 
Sigurd og Eva på tur i tida Norsk Barneblad 12-17/1990. Tekst av Velle Espeland, teikning av Åsmund Berge.
 
Sjom. Den heimelaga hemnaren Norsk Barneblad 5-18/1993. Tekst og teikning av Ingalill Røsberg.
 
Sjøormen Sjur Serien gjekk i Vest-Telemark Blad. Då Norsk tegneserieforum gav ut årsalbum i 1984, var dette ein av dei to seriane der, den andre serien var Æsenes reise frå Dag og Tid. I begge seriane var både tekst og teikning av Anders Kvåle Rue.
 
Skriket Norsk Barneblad 12/1994. Teikning av Olav Hagen, etter ein idé av Gerhard Engen (pseudonym for Gard Espeland).
 
Skulen Norsk Barneblad 1994-96. Serien dukkar opp med ujamne mellomrom. Tekst og teikning av Kaj Konrad Clausen.
 
Skulen Ny teikneserie av Jorunn Hanto-Hugse i Norsk Barneblad frå og med nr. 8 2008. Serien har same namnet som den frå nittitalet (over), men har elles ingenting med kvarandre å gjere.
  
Smørbukk 1938-. Smørbukk har vist seg i kvart nummer av Norsk Barneblad sidan 1938, med unnatak av eit halvt år midt på 1950-talet. Det har kome julehefte årleg sidan 1941, minus 1944. Nokre år har det kome eit ekstra hefte tidlegare på året, i 1952 (feriehefte), i 1963 (påskehefte), og 1964-70 (vårhefte). Teiknarar har vore Jens R. Nilssen (1938-1959), Solveig Muren Sanden (1960-1983) og Håkon Aasnes (1983- ). Tekst av Andreas Haavoll (1938-51 og 1955), Andreas Haavoll og Øyvind Dybvad (1942), Øyvind Dybvad (1943-54 og 1980-83), Johannes Farestveit (1956-79), Ingvar Moe (1984), Olav Norheim og Håkon Aasnes (1985-86), Håkon Aasnes (1987, 2000-), Velle Espeland (1988), Gard og Velle Espeland (1989-1999). Historiene i desse hefta er andre enn dei i Norsk Barneblad. 1984-86 kom der tre hefte med tittelen Smørbukk den eldre, med opptrykk av seriar frå Norsk Barneblad. Sidan 1958 har Norsk Barneblad med ujamne mellomrom samla fem årgangar av Smørbukk og Tuss og Troll i innbundne bøker.
 
Smørbukk den eldre Dag og Tid 27/1977 - 80/1977 og 4/1984 - 42/1985. Avisa henta fram klassiske Smørbukk-striper. I 1977 var det Dybvad/Nilssen, i 1984-85 var det Farestveit/Nilssen.
 
Småbruket Av Anders Kvåle Rue og Jan-Rune Bjørnson. Avisserie om ein mann (konsulenten) som saman med kona si skal ta over garden til svigerfaren. Konsulenten snakkar ein dialekt frå Oslo-området, resten av figurane nyttar nynorsk.
  
Soga om Sigrid Norsk Barneblad 1984. Tekst av Sverre Årnes, teikningar av Anders Kvåle Rue. Nokre år seinare kom framhaldet Ein ring av gull.
  
Soga om Olav Sleggja Teikneserieroman frå vikingtida av Øystein Runde. Serien har med innslag av både historiske kjelder, 1900-talspoesi, inspirasjon frå japanske teikneseriar og norrøne soger.
  
Soldat 47Julehefte 1954-60. Tekst av Øyvind Dybvad, teikningar av Bjarne Kristoffersen. Gamle striper av serien stod på trykk i Dag og Tid 63/1978 - 91/1978.
  
Somme kjerringar er slike Norsk Barneblad 9-12/1986. Tekst og teikning av Anders Kvåle Rue.
  
20 år etter Dag og Tid 43/1982-1/1983. Serien er ein parodi på Bustenskjold, og har undertittelen Brunstenskjold og Plastbakk-kallen. Tekst av Grey Espford (pseud. Gard Espeland), teikning av Romvald Kli (pseud. Robert Thom Karlsen). Stripene vart samla i eit hefte som vart gitt ut i 1995, altså 13 år etter.
  
Teikneseriespesial Norsk Barneblad Nr. 13/14 7. juli 1984. Dette nummeret er eit spesialnummer som er tre gonger så fyldig som elles. Teikneseriane er laga av barn og ungdom. Bakgrunnen var at det vart halde ei tevling den vinteren, der det kom inn om lag 650 bidrag. "Fine, morosame, søte og spanande", skriv bladstyrar Olav Norheim om dei innkomne seriane.
  
Televerkets bøker Informasjonshefte om Televerket sine tenester. Det kom fire
ulike hefte på bokmål, dei to første kom òg på nynorsk, Tellef kjem til barnehagen og Tellef kjem til skulen. Begge kom i 1984. Tekst av B. Andersen og C. Thaugland, teikning av S.S. Kapsberger.

Tom Tricks opplevelser i sagnbyen Anan Nynorsk Vekeblad prøvenummer 1934 - 16/1940. Dette var ein amerikansk serie, av William Ritt og teiknaren Clarence Gray. Teksten var omsett av Bjørn Bruse.
 
3 rips av Nataliya Kochergova. Serie frå Fonna forlag om tre veninner. Debuterte i avisa Hallingdølen i 2006. 

Truls og Guri Norsk Barneblad 43/44 1954-37/38 1956. Starta under namnet Musemor og Musefar. Serien kom som julehefte i 1956. Teksten var av Herbjørn Sørebø, teikningane av Ralph Styker.
 
Trulte Amerikansk serie gitt ut som julehefte av Norsk Barneblad i 1988. Omsett av Velle Espeland.
 
Tuss og Troll Eventyrserie i Norsk Barneblad 1944-1953, og på 1970-talet. Julehefte kvart år frå 1945, med unntak av 1946. 1988-1991 var hefta opptrykk frå tidlegare år. Teiknarar: Jens R. Nilssen (1944-56) Solveig Muren Sanden (1957-86), Anders Kvåle Rue (1987), Solveig Muren Sanden og Håkon Aasnes (1992, 2002), Solveig Muren Sanden, Håkon Aasnes og Jens R. Nilssen (1993-2001). Tekstane er baserte på norske folkeeventyr eller forteljingar i eventyrform, og er skrivne av Øyvind Dybvad (1945-55), Johannes Farestveit (1956-86) Olav Norheim og Anders Kvåle Rue (1987), Velle Espeland (1992), Velle Espeland og Øyvind Dybvad (1993-199) Gard Espeland, Velle Espeland og Øyvind Dybvad (2000-2001), Gard Espeland (2002).
 
Vangsgutane Nynorsk Vekeblad 17/1940-1954. Serien har kome som julehefte dei fleste år sidan 1941, og som sommarhefte i 1983. Frå 1983 har julehefta vore opptrykk av tidlegare seriar. Teksten er skriven av Leif Halse, med unnatak av 1981, då han samarbeidde med sonen Kåre Halse. Følgjande har teikna serien: Jens R. Nilssen 1941-57 og 1962; Atle Steinsfjord 1958 og 1966; Bjarne Kristoffersen 1959, 1960, 1964 og 1965; Ivar Pettersen 1967-1979; John Thoresen og Bjarne Kristoffersen 1980; John Thoresen 1981. I 1961 vart serien teikna av ein anonym kvinneleg teiknar.
 
Vangsgutane på speleferd Serien er svært fritt basert på Leif Halse sine historier, og stod på trykk i avisa Nordlys sommaren 1983. Tekst av Svein Nymo, teikningar av Ragnar Olsen.

Vi på Eiketun
Norsk Barneblad 1-10/1990, og eitt nummer i 1994. Denne serien starta i Bondebladet i 1987. Der går serien på bokmål, medan teksten her var omsett til nynorsk. Både tekst og teikning er av Håkon Aasnes.

Zoo
Norsk Barneblad 1-20/1987. Tekst og teikning av Rhesus (pseudonym for Rolf Håndstad).

Æsenes reise Dag og Tid 2/1983-21/1983. Norsk Tegneserieforum gav ut eit eige album 1981-1984, og i 1984 inneheldt heftet to seriar med tekst og teikning av Anders Kvåle Rue: Sjøormen Sjur og Æsenes reise.

Kjelder:    

Eide, Knut og Kjelling, Stig: Norsk Tegneserie Index 8, 2001
Norheim, Olav: "Norsk Tegneseriehistorie". I Tegn 2/1995
Olsen, Arild Torvund
Nynorsk Wikpedia: Ingeniør Knut Berg på eventyr.
  
Nettstader om teikneseriar:
Teikneseriar. Ressurs om nynorske teikneseriar frå Nasjonalt senter for nynorsk i opplæringa.
Tegneseriemuseet i Norge. Det nasjonale informasjons- og dokumentasjonssenteret for teikneseriar og teikneserielitteratur.