lurivar_maria.jpg
Foto: Aasen-tunet

Orda rundt med Lurivar

Når:
Kvar:
Ivar Aasen-tunet
VaksenFamilieBarn
10022050

Tunkatten Lurivar er klar for sommarferie og vil gjerne fortelje borna om årets reisemål. Han leitar fram kofferten, men oppdagar at innhaldet ikkje stemmer med det han har planlagt. Bli med Lurivar på vandreteater i Aasen-tunet kl. 13.00, kvar dag i veke 26 og 30. Maks 20 born per framsyning. Vi har dessverre ikkje høve til å setje opp ekstraframsyningar dei dagane det er mange som tek turen, og oppmodar difor publikum om å tinge billettar på førehand på 70047570.

Aasen-tunet inviterer store og små til vandreteater med Lurivar, som skal reise «orda rundt». Før han kan reise, treng han hjelp frå borna til å finne ut kva som har skjedd med bagasjen hans. Medan dei prøver å finne løysinga på mysteriet, blir dei kjende med ein annan ordspion sine reiser, og kanskje finn dei nokre nye ord på vegen?

Orda rundt med Lurivar er eit vandreteater med skodespelar Maria Halseth i rolla som Lurivar. Etter vandringa blir det lagt opp til enkle aktivitetar i tunet som borna kan gjere. På dagar med nokolunde tørt vêr kan borna gå opp på Høgetua for å lese bøker i utebiblioteket. Dit er det om lag 15 minutt å gå. Då kan det vere kjekt å ha med ein matpakke, drikkeflaske og noko å sitje på. I kafeen byr vi på Lurivars lure vaflar.

Ope kvar dag

Aasen-tunet har ope kvar dag i sommar, og kafeen serverer enkle smårettar, pannekaker og is. I butikken finn du fleire Lurivar-produkt og stort utval i bøker og kjekke gåveartiklar.