iStock-466268301 1280pix.jpg
Foto: iStock Pogonici

Opning av tema- og fotoutstillinga "Eg er. Ei utstilling om språk og identitet"

Når:
Vaksen
GRATIS

Det blir stundom sett likskapsteikn mellom språk og identitet. Men betyr språk like mykje for sjølvbiletet som ein skulle tru? Den nye temautstillinga frå Aasen-tunet utforskar dette, og blir i år supplert av ei fotoutstilling utandørs.

Det er Valdres-fotografen Anne-Marte Før som vil stå for den kunstnarlege biten av temautstillinga utandørs. Før har mellom anna vore knytt til Valdresmusea, Jørn Hilme-stemnet, Noregs Ungdomslag og Vinjerock, og ho har gjort liknande prosjekt tidlegare.

– Kanskje kan utstillinga utfordre stereotype oppfatningar av ein nynorskbrukar og kva det vil seie å vere ein nynorskbrukar. Det er i alle fall målet mitt. Eg ser etter variasjonane blant menneska som er nynorskbrukarar, og eg håper betraktaren kan sjå at det av og til berre er språket som er fellesnemnaren. Identitet har vore eit interessefelt for meg lenge, og det er spennande å ta utgangspunkt i eigen identitet når ein arbeider med fotografiet. Som nynorskbrukar har eg sjølv vorte plassert i feil bås ei rekkje gonger, seier Anne-Marte Før. 

Fotograf Anne-Marte Før. Foto privat
Fotograf Anne-Marte Før. Foto privat

Det er altså særskilt det nynorske tilfellet det blir sett lys på, men ikkje berre det. Utstillinga vil også ta for seg språk og identitet meir allment, og det internasjonale perspektivet vil vere synleg. Då vil den særeigne dialektfridomen i Noreg gjere det aktuelt å samanlikne med tilhøva i andre land.

– Vi er nyfikne på kva det gjer med språkidentiteten til folk at dei ikkje kan bruke dialekta si overalt i samfunnet. Det norske tilfellet er også unikt når ein ser på bakgrunnen og historia til nynorsken, som ikkje har opphavet sitt i talemålet til overklassa og eliten, seier Anders Aanes, dokumentasjonsansvarleg i Ivar Aasen-tunet.