Kaféleiar Milan Ilic og programansvarleg Monika Haanes Waagan
Kaféleiar Milan Ilic og programansvarleg Monika Haanes WaaganFoto: Aasen-tunet, Laila Walseth Lid

Morsmålskafé

Når:
Kvar:
Ivar Aasen-tunet
Vaksen
Gratis

På den internasjonale morsmålsdagen 21. februar inviterer Ivar Aasen-tunet til morsmålskafé med aktivitetar, gratis kaffi og noko godt å bite i. Blant aktivitetane er å pynte eit heilt nytt morsmålstre.

– Alle som kjem får vere med og pynte treet med vakre ord på sitt eige morsmål. Vi håpar mange har lyst til å vere med på markeringa og at praten rundt kaféborda denne dagen vil gå føre seg på ekstra mange morsmål, seier programansvarleg Monika Haanes Waagan. I tillegg til aktivitetane i kafeen, blir det også program i Salen, og store og små blir inviterte med på diktverkstad, konkurransar og andre språkaktivitetar.

Allereie på vegen opp i Aasen-tunet kan ein høyre morsmål i lydstien, og dei som vil verte betre kjende med Ivar Aasen har høve til å sjå film om han gratis denne dagen.

Den internasjonale morsmålsdagen vart etablert av UNESCO i 1999 og har vorte feira 21. februar kvart år sidan 2000. Målet med dagen er å fremje språkleg mangfald og fleirspråklegheit, samt auke forståing, toleranse og dialog om språklege og kulturelle tradisjonar.