Luther2017_kollasj.jpg
Foto: Torje Jenssen, bibel.no, Simen Aarseth og Jannicke Velsvik

Luther 2017: Reformasjon med urframføring

Når:
Kvar:
Ivar Aasen-tunet
Vaksen
200
Kjøp billettar

Søndag 15. oktober markerer Ivar Aasen-tunet at det er 500 år sidan reformasjonen. Denne kvelden samtalar teolog og bibelomsetjar Anders Aschim med forfattar Sigrun Høgetveit Berg. Det blir også urframføring av ein nyomsett Luther-salme og kviss med bokpremie.

– I dette reformasjonsåret minnest vi Luther og tesane hans frå 1517 – og ikkje minst verknadene av Luthers opprør. Men det han sette i gong fekk vidt ulike konsekvensar rundt om i Europa, og kvifor gjekk det som det gjekk i Noreg? Kva var føresetnadane ved den norske reformasjonen, spør Sigrun Høgetveit Berg.

For 500 år sidan offentleggjorde Martin Luther tesane sine mot avlatshandelen og pavekyrkja. Dette blei det avgjerande skiljet i den prosessen vi kallar reformasjonen, ei rørsle som kom til å splitte den katolske kyrkja og teikne eit nytt kyrkjekart i Europa. Det skriv Samlaget om den nye bokaReformasjonen,skrivenav Sigrun Høgetveit Berg.

Høgetveit Berg er postdoktor i historie ved Universitetet i Tromsø og forfattar. Søndag får publikum bryne seg på nokre spørsmål om reformasjonen, der ein heldig vinnar av kvissen kan stikke av med eit eksemplar av den nye boka hennar.  

I tillegg blir det urframføring ved Kirsten Ragnhild Grimstad og Ketil Grøtting av salmen «Fader vår» av Martin Luther, som har fått ny omsetjing av Arne Brunvoll og melodi av Ragnar Bjerkreim. Dagleg leiar i Aasen-tunet, Gaute Øvereng, tok initiativ til salmeprosjektet.

– Vi fekk ein idé i vår om at det hadde vore fint å få nyomsett nokre Luther-salmar som tidlegare ikkje hadde vore omsett til norsk. Anders Aschim gjorde sine undersøkingar og sende oss til slutt ei lang liste med tekstar som var aktuelle, fortel Øvereng.