Lurivar
Foto: Tonje Sætre

Lurivar og reisa til Ordpolen

Når:
VaksenFamilieBarn
10022050

Kvar dag frå måndag 24. til fredag 28. juli kan borna vere med på vandreteater med tunkatten Lurivar i Aasen-tunet. Denne gongen er han på sporet av vegen til Ordpolen, sjølvaste draumereisemålet til Lurivar!

I ei heil veke inviterer Aasen-tunet store og små til vandreteater med Lurivar, som eit av mange tilbod i sommarprogrammet. Lurivar har høyrt at på Ordpolen kryr det av ord som han kan bruke i ordsamlinga si. Han tek med borna på ei reise frå stjerne til stjerne på leit etter den myteomspunne staden som fløymer over av ord. På vegen gjennom museet finn Lurivar mange artige og rare ting i utstillinga dei kan stoppe opp ved og sjekke ut.

Lurivar og reisa til Ordpolen er eit vandreteater med skodespelar Maria Halseth i rolla som Lurivar. Etter vandringa blir det lagt opp til enkle aktivitetar i tunet som borna kan gjere. Nokre av aktivitetane blir også Lurivar med på. På dagar med nokolunde tørt vêr kan borna vere med Lurivar opp på turmålet Høgetua for å lese bøker i utebiblioteket. Dit er det om lag 15 minutt å gå. Då kan det vere kjekt å ha med ein matpakke, drikkeflaske og noko å sitje på. På dagar med mykje regn blir det lesestund med Lurivar i Gamlemuseet. I kafeen byd ein på Lurivars lure vaflar. Vandreteateret startar klokka 13.00, og heile opplegget med aktivitetar og tur til Høgetua varer om lag i to timar.