Edvard Hoem (002).jpeg

LIVET – Ein poesikonsert med Edvard Hoem

Når:
Kvar:
Salen, Ivar Aasen-tunet
VaksenStudent
350250
Kjøp billettar

I poesikonserten Livet vender Edvard Hoem tilbake til sitt første litterære uttrykk, saman med eit knippe jazzmusikarar. Onsdag 20. september gjestar dei Ivar Aasen-tunet med eit program om havet, døden, verda og kjærleiken, sjølvsagt. Politiske og morosame dikt, som alle har ein høg himmel over seg.

Edvard Hoem debuterte som poet. Romanane, skodespela, novellene, essaya, biografiane, gjendiktingane og artiklane kom etterpå. Han har reist land og strand rundt i snart femti år og lese, fortalt og halde foredrag for eit stort publikum. Dei seinare åra har han skrive ein omfattande biografi om Bjørnstjerne Bjørnson, og ein kritikarrost romanserie basert på eiga slektshistorie, om dei som utvandra til Amerika og dei som blei heime.

Dag-Filip Roaldsnes er komponist, pianist og arrangør. Han har gitt ut to kritikarroste plater i eige namn, og er etterspurd som pianist og arrangør i andre sine prosjekt. Dag-Filip har arbeidd med Edvard i ulike konstellasjonar sidan 2012.

Jorun Marie Kvernberg er folkemusikar med hardingfele og fele som hovudinstrument. Ho er fast medlem i folkemusikkgruppa Majorstuen, men står også fjellstøtt som sjølvstendig musikar. I 2006 gav ho ut soloplata Album, og i 2013 kom plata Tidens Løsen. Kvernberg har fått Spellemannprisen to gongar.

Hilde Brunsvik er songar, låtskrivar og forfattar. Ho arbeider i eigne og andre sine prosjekt, har publisert romanar og noveller og er sjef for Klangfestivalen. Hilde har samarbeidd med Edvard i ulike prosjekt sidan 2012.