8. mars med samtale og musikk.
8. mars med samtale og musikk.Foto: Frida Fliflet, Marius Beck Dahle, Silje Krager, Klassekampen.

Kjønn og språk

Når:
Kvar:
Ivar Aasen-tunet
Vaksen
200
Kjøp billettar

På kvinnedagen møter du forfattarane Kristin Fridtun og Magnhild Folkvord i samtale med journalist Torill Myren.

Onsdag 8. mars blir det forfattarmøte med Kristin Fridtun og Magnhild Folkvord i Ivar Aasen-tunet, som begge er aktuelle med nye bøker. Det blir også minikonsert med Jorun Marie Kvernberg og Gabriel Fliflet.

Med boka Kjønn og ukjønn opnar Kristin Fridtun ein ny inngang til kjønnsdebatten ved å gjere ordet kjønn til granskingsobjekt og springbrett for vidare drøftingar av kjønnsnormer og kjønnsidentitet. Fridtun er sjølv homofil og transperson. Med utgangpunkt i eige liv syner hen korleis den moderne tydinga og bruken av ordet kjønn påverkar og motverkar fridomen til seksuelle minoritetspersonar.

Magnhild Folkvord har skrive den første biografien om Betzy Kjelsberg, ei modig kvinne som våga seg inn på område der menn tidlegare rådde grunnen åleine. Kvinnesaksforkjemparen Betzy Kjelsberg gjorde mykje ingen kvinner hadde gjort før henne. Ho var blant anna den første kvinna som sykla i Drammen, den første kvinnelege fabrikkinspektøren i Noreg, den første kvinna i sentralstyret i partiet Venstre og den første kvinna som tok ordet på den internasjonale arbeidskonferansen i Washington i 1919.

Torill Myren møter dei to forfattarane til samtale om bøkene. Myren har tidlegare vore journalist i Sunnmørsposten og i 2015 vann ho pris for reportasjeprosjektet «Borte bra, hjemme verst».

Jorun Marie Kvernberg og Gabriel Fliflet er ein samspelt og sprudlande duo. Kvernberg spelar fele, hardingfele og harpeleik og er ein av landets beste folkemusikarar. Ho har vunne Spellemannprisen to gonger og er den einaste som har vunne den ærerike "Edvard-prisen" for komponering i sjangeren folkemusikk. Fliflet er ein fargerik musikar og musikkmakar med trekkspel som hovudinstrument og med lang fartstid innan ei rekke ulike former for folkemusikk. Han vart kåra til Årets folkemusikar i 2011.

Jorun Marie Kvernbergs musikk er prega av oppveksten hennar sentralt i spelmannsmiljøet i Romsdal. Her er luftige viser med plass til vemod og uventa svingar. Her er feleslåttar med mykje harpiks og mange glade knips. Musikken til Gabriel Fliflet er melodiøs, men med et eige tonalt særpreg; du kan spore tonar og rytmar frå både Hellas og Hardanger, finske skogar og nordsjøkystar.

Kafeen byr på heit hønsesuppe, kaker og kaffi, og butikken har gode tilbod på bøker og gåveartiklar. Det er også høve til å sjå temautstillinga «Det usynlege språket. Omsetjing og gjendikting».

 

(Støtta av Norsk Kulturfond og Fond for lyd og bilde) 

 

kjøp biografien Feminist og brubyggar på nettbutikken vår