Nordstoga_900x600ppx.jpg
Foto: Marcel Leliënhof

Julekonsert med Aasmund Nordstoga

Når:
Kvar:
Salen, Ivar Aasen-tunet
VaksenBarn
300150
Kjøp billettar

Aasen-tunet ønsker velkomen til ein lun og nær førjulskveld med Aasmund Nordstoga, søndag 26. november. Nordstoga byr på kjende og ukjende julesongar, framført med ein drivande nerve, djupt forankra i folkemusikken sitt tonespel. Med seg har han Åsmund Reistad på gitar og Erik Sollid på fele.

Visesongaren Aasmund Nordstoga er ein framifrå folkemusikar frå Vinje i Telemark. Musikken hans er prega av det akustiske og jordnære, med friske og overraskande grep. Nordstoga debuterte i 1997 med Løynde eldars land, og har mellom anna laga fire samlingar med norske og nordiske viser. Ei av dei, Ein Visefugg, blei nominert til Spellemannprisen i klassa for beste viseplate i 2009. I 2014 blei han kåra til Årets nynorskbrukar saman med broren Odd Nordstoga, og i 2015 gav han ut juleplata Sæle jolekveld saman med Gunnhild Sundli, ei plate som fekk særs gode tilbakemeldingar.

Åsmund Reistad er gitarist og har spela saman med Aasmund Nordstoga i mange år, både som duo og i ulike bandkonstellasjonar. Han starta si musikalske karriere i bandet Chateau Neuf Spelemannslag (1993-2002) som gav ut fleire cd-ar, spela konsertar i Tyskland, England, Danmark og Sverige, og deltok på fleire festivalar i Noreg.

Erik Sollid er folkemusikar med hardingfele som hovudinstrument. Han spelar i Valkyrien Allstars saman med Tuva Syvertsen, og i 2015 vann dei Edvard-prisen i open klasse for albumet Farvel slekt og venner. Dei har gitt ut ei rekke singlar og albuma Eisemo i 2013 og Vengjeslag i 2017.

Julebutikk og kafé

Butikken er open heile dagen og har mange gode julegåvetilbod. Espressokopp, vrengehue og sitjeunderlag i ull er nokre av årets nye produkt. Det blir sal av ferskt heimelaga julebrød og varm eplesider med julekrydder i kafeen.