anda_torgeir_992x627.jpg

Ivar Aasen – plattform for nye forteljingar

Når:
Kvar:
Ivar Aasen-tunet
Vaksen
Gratis

Korleis ein sponsor kan bruke ein samarbeidsavtale – og kva det fører til. Ope møte med tidlegare kommunikasjonsdirektør Torgeir Anda i Det norske oljeselskap (no Aker BP)

13.00 Ivar Aasen – plattform for nye forteljingar
Torgeir Anda, tidlegare kommunikasjonsdirektør i Dei norske oljeselskap

14.00 Spørsmål og samtale
14.30 Dokumentarfilmen «Ivar Aasen-utbyggingen»
15.30 Slutt

Dei første oljedropane på Ivar Aasen-feltet vest for Karmøy blei henta opp 24. desember 2016. Aker BP, før Det norske oljeselskap, har vore ein av hovudsponsorane for Nynorsk kultursentrum i åra 2013–2017. Det har ført oss inn i miljø vi kjende lite til frå før, og det har ført historia om Ivar Aasen inn i miljø, bedrifter og land der ingen skulle tru at nokon skulle bry seg om han. Kva skjedde?

Det veit Torgeir Anda alt om. Han var i mange år kommunikasjonsdirektør i Det norske oljeselskap, som no heiter Aker BP. Anda har mellom anna skrive biografi om Kjell Inge Røkke og var i mange år journalist i Dagens Næringsliv. Med bilen full av bøker, effektar og plakatar med noko attåt kjem han til Aasen-tunet og fortel ei historie som vil overraske og engasjere.

Det er sjeldan at noko så givande er gratis – velkomen!