Reidun Aambø
Reidun AambøFoto: Marta Lystad Johansen

Gresk for meg

Når:
Kvar:
Ivar Aasen-tunet, Salen
Vaksen
100
Kjøp billettar

I høve den internasjonale morsmålsdagen onsdag 21. februar kjem førstelektor Reidun Aambø til Aasen-tunet. Ho fortel om alfabet og teikn i ulike kulturar, og korleis folketru kjem til uttrykk i språket.

– Morsmålsdagen høver godt til å vende blikket utover. Med Aambø si innsikt i ulike kulturar og språk har publikum høve til å bli både underhaldne og opplyste, seier programansvarleg Olav Øyehaug Opsvik i Aasen-tunet. 

I salen vil Aambø fortelje om språklege og kulturelle fenomen frå ulike verdshjørne. Korleis kjem folketru til uttrykk i språket og kva er bakgrunnen for at visse tal kan vere positive i ein kultur, men negative i ein annan? Er fredag den 13. og svart katt over vegen varsel om ulukke i alle land? Aambø er medlem i den internasjonale folkedansgruppa i Ørsta og Volda, og ho har invitert med seg fleire frå gruppa til å innleie foredraget med gresk og russisk dans.

Reidun Aambø har lang fartstid som forskar og lektor ved Høgskulen i Volda. Aambø gav ut boka Typisk norsk å være uhøfleg i 2008, som er omsett til fleire språk. Stor allmenn interesse rundt boka har vore grunnlag for fleire foredrag både på folkemøte, seminar og konferansar. I 2016 blei ho tildelt FoU-prisen frå Høgskulen i Volda, og omtala som ein av dei mest produktive forskarane og formidlarane ved Institutt for språk og litteratur.