Glimt_av_opphav_2018.jpg
Foto: Greta Sandanger Goksøyr

Glimt av opphav

Når:
Kvar:
Ivar Aasen-tunet, Salen
Vaksen
100

Ein av dei fremste skotske diktarane besøkjer Ivar Aasen-tunet onsdag 23. mai. Saman med Øystein Orten og Odd Goksøyr, gir Christine de Luca eit innblikk i det lyriske landskap i Shetland.

Christine de Luca er høgt akta både i Skottland og internasjonalt, og har blitt omsett til ei rekkje språk. Odd Goksøyr tek med seg de Luca til Aasen-tunet med hans eigne omsetjingar av diktsamlinga Glimt av opphav = Glims o Origin. Der blir dikta presenterte med de Lucas shetlandske dialekt og dei nynorske omsetjingane til Goksøyr. Øystein Orten presenterer Shetland i ord og bilete med utgangspunkt i diktsamlinga.

Goksøyr voks opp på Runde og kjenner seg att i diktinga til de Luca.
– Det gjeld alt knytt til naturen, lys, lydar, lukter, flora og fauna, men også menneskeliv og levekår. Om enn den vestlandske fiskarbonden har nok hatt friare vilkår enn den shetlandske bonden som leiglending, fortel han.

Publikum kan vente seg ei spennande forteljing om shetlandsk historie, språk og Christine de Luca sin forfattarskap, krydra med høvelege musikkinnslag frå Goksøyr.

– Dette arrangementet har vi sett fram til lenge. Christine de Luca er ein prislønt lyrikar og ein varm formidlar. Tidlegare besøk frå henne har vore svært vellykka, og der er spennande koplingar mellom vår eigen kultur og Shetland, seier programansvarleg Olav Øyehaug Opsvik i Ivar Aasen-tunet.

Den koplinga kan også merkast i kaféen, der det blir servert ein variant av shetlandsk fiskesuppe.