GiAnT.jpg

Gi/An/T

Når:
Kvar:
Ivar Aasen-tunet
VaksenStudent
200100

Trio med Gine Gaustad Anderssen på vokal, Antti Kujanpää på flygel og Tuomas Timonen på trommer Billettar i døra. Dørene er opne frå kl. 19.00.

Velkomen til ein varm og vakker jazzkonsert med den norsk-finske trioen Gi/An/T med Gine Gaustad Anderssen på vokal, Antti Kujanpää på flygel og Tuomas Timonen på trommer. Trioen er relativt fersk, og har så langt berre spela konsertar i Finland. Søndag får publikum høyre Gausdal Anderssen sine komposisjonar, i tillegg til improvisasjon. Tekstane er skrivne av komponisten og Arnfinn Haram, og er på nynorsk. Fleire er frå det siste albumet HEIM, som har hausta strålande kritikkar både i inn- og utland. På den innspelinga deltok mellom anna Arve Henriksen på trompet og Thomas Gustavsson på saksofon.

Gine har studert song og komposisjon med Anders Jormin på Høgskulen for scene og musikk i Gøteborg, og ved Institutt for musikk i Trondheim.

Både Antti Kujanpää og Tuomas Timonen har opptredd saman med mange framståande finske musikarar og grupper, m.a. Big Blue, Kvalda and Yona (Kujanpää), og HERD, Alexi Tuomarila og Zander (Timonen). Saman spelar dei mellom anna i Balkan-jazzgruppa Jargoslavia, og utgjer i Gi/An/T ein rytmeseksjon full av overraskingar. Begge har studert jazz ved Sibelius-akademiet.

Arr: Gi/An/T