bie 2.jpg
Foto: Erik Aspden Schyberg

Forskingsdagane: Kva verdiar har biene for oss?

Når:
Kvar:
Salen, Ivar Aasen-tunet
Vaksen
GRATIS

Dei aller flest set ikkje særleg stor pris på insekt. Dei ser rare ut. Dei kravlar på stadar vi helst ikkje vil ha dei. Dei stikk og bit. Likevel er det enkelte insekt som har ein spesiell plass i hjarta våra. Gratis

Honningbia og humler er det få folk som har noko særleg imot. Og det er jo ikkje rart, utan desse insekta hadde ikkje samfunnet vi lever i sett ut som i dag. I denne foredragsserien belyser tre bieforskarar ulike delar av det verdifulle samspelet mellom menneske og bier. Først ut er Eirik Søvik frå Høgskulen i Volda som fortel om korleis menneska gjorde honningbia til husdyr, og korleis dette forholdet har utvikla seg gjennom tusen av år. Her blir det fokus på både den økonomiske og den kulturelle verdien honningbia har for oss menneske. Deretter vil Anders Nielsen frå Universitetet i Oslo fortelje om ville bier og humler i Noreg. Fokuset her vil være på den verdiskapinga desse dyra gir samfunnet våra heilt gratis. Til slutt vil Clint J. Perry frå Queen Mary University i London diskutere eigenverdien til biene. Han vil ha fokus på kva vi veit om det som skjer i hjerna til biene når dei flyg frå blome til blome (denne biten vert på engelsk).