familiedag_juleverkstad_illustrasjon2017_kollasj.jpg
Foto: Bilde frå iheartcraftythings.com

Familiedag med juleverkstad

Når:
Kvar:
Ivar Aasen-tunet
VaksenFamilie
7050 (per person)
Kjøp billettar

Den årlege barnekunst-utstillinga dannar ei stemningsfull ramme rundt familiedagen i Aasen-tunet søndag 3. desember. I Salen vil formidlar Synnøve Marie Sætre lese frå boka «Papelina». Alle får vere med på allsong og mange andre kjekke førjulsaktivitetar for små og store.

– Det er kanskje ikkje så vanleg med papegøyar i førjulstida, men vi trur likevel førjulsstemninga vil kome gjennom både song og aktivitetar, seier dagleg leiar Gaute Øvereng i Aasen-tunet, som lovar ein kjekk dag for heile familien. 

Lesestund og aktivitetar

Det blir ei samlingsstund i Salen kvar time frå kl. 13. Her får vi mellom anna høyre historia om Papelina og familien hennar, som må reise frå heimen sin. Papa Gøye seier at det er eit topphemmeleg eventyr, og det einaste ho får vite er at dei skal til eit nydeleg slott. Sentrale tema i forteljinga er flukt, familie og vennskap, og om verdien av å vere heime. «Papelina er eit vellykka døme på at ei munter barnebok godt kan ha ein alvorleg og verkeleg bakgrunn. Jill Moursund sine praktfulle illustrasjonar gjer dramaet visuelt», skriv Avisa Hordaland.

I aktivitetsverkstaden kan barna la seg inspirere av boka til å lage sine eigne papp-papegøyar. Det blir også høve til å lage juletre i papir, kreative julekort og fleire ting ein kan gi i julegåve.

Det blir ikkje førjulsfamiliedag utan mat, og i kafeen får du kjøpt mandelgraut med god drikke til. Butikken leitar fram gode tilbod på nynorske julegåver.

Barnekunst

Over 350 born frå barnehagar i Ørsta, Volda, Herøy, Hornindal, Ulstein og Stryn har laga kunst som er inspirert av forteljinga og illustrasjonane til Randi Fuglehaug og Jill Moursund. Barna har lagt ned mykje arbeid i kunstverka som er utstilte i Aasen-tunet.