Familidag om teiknspråk i Aasen-tunet
Familidag om teiknspråk i Aasen-tunetFoto: Kib og Morits

Familiedag: Teiknspråk

Når:
Kvar:
Ivar Aasen-tunet
VaksenFamilieBarn
705070
Kjøp billettar

Samlingsstund kl. 13 med Ronny Patrick Jacobsen, der borna får eit spennande og inspirerande møte med teiknspråk. Etterpå blir det verkstad, der borna får prøve seg på teiknspråk gjennom ulike spel og aktivitetar. Høver for born frå 4 år og oppover. Kr 70 / familie 50 per person.

Ronny Patrick Jacobsen fekk stor merksemd då han nyleg teiknspråktolka den norske finalen i Melodi Grand Prix. Søndag kjem han til Aasen-tunet for å lære små og store teiknspråk. Det vert også aktivitetsverkstader knytt til teiknspråk.

Teiknspråk blir nytta av om lag 16 500 nordmenn, av dei 5000 døve. –På familiedagen ønsker vi å løfte fram teiknspråk som eit eige språk og gi publikum eit inspirerande og kjekt møte med teiknspråk, seier programansvarleg Monika Haanes Waagan i Ivar Aasen-tunet, og håpar både ferske og erfarne teiknspråkbrukarar tek turen. 

Ronny Patrick Jacobsen har lang erfaring som skodespelar og teiknspråktolkar, og jobbar til dagleg i Teater Manu med ulike oppsetjingar både for born og vaksne. I Aasen-tunet held han samlingsstund med eventyr, songar og andre aktivitetar på teiknspråk, og borna får aktivt ta del i programmet. 

Rundt omkring i utstillinga blir det aktivitetar med og på teiknspråk, der borna både får lære teiknspråkalfabetet og prøve å kommunisere med kvarandre med enkle teikn.

Kafeen serverer nysteikte vaflar og butikken har gode tilbod på barnebøker.