boknatta_2017_kollasj.jpg
Foto: Oktober forlag, Gunhild Bøygard, Agnete Brun, Erlend Mikael Sæverud

Boknatt med litteratur og musikk

Når:
Kvar:
Salen, Ivar Aasen-tunet
VaksenStudentHonnør
200150150
Kjøp billettar

Unn Conradi Andersen, Marit Tusvik og Lars Amund Vaage er alle aktuelle med nye romanar i haust. Torsdag 16. november kjem dei til Boknatta i Aasen-tunet, der dei både les frå bøkene sine og samtalar med Maria Dyrhol Sandvik. Elin Furubotn og Torbjørn Økland krydrar det heile med vakre songar.

– Det er alltid like spennande å høyre meir om kva tankar forfattarane har kring bøkene sine, og desse nære samtalane er noko av det unike med den årlege Boknatta i Aasen-tunet, seier dagleg leiar Gaute Øvereng i Ivar Aasen-tunet. Han lovar publikum ein lun og innhaldsrik kveld i Aasen-tunet, med god litteratur og musikk, fyr i peisen og Milans tomatiserte linsesuppe med chili og rista tunbrød i kafeen.

Unn Conradi Andersen frå Ulsteinvik er forskar, sosiolog og har tidlegare arbeidd som journalist i VG og Dagbladet. Ho har fått særs god omtale av romandebuten «Alt uavklart», ein intens og utforskande roman om å sjå seg sjølv og dei andre, og ei fascinerande forteljing om kjønn, seksualitet og rase. «Ho koblar familiehistoria om bestefaren til hovudpersonens eiga identitetskrise på nye måtar», skriv Maria Kjos Fonn i Klassekampen.

Marit Tusvik er forfattar med stor variasjon i tema og sjangrar. Ho debuterte allereie i 1979, og har skrive fleire kritikarroste bøker. I haust kjem ho med boka «I hans armar», som tek opp det å leve tett på ein annan sitt mørke. «Marit Tusvik skriv drivande godt. Innsiktsfullt og medrivande, om kjærleik, avhengighet og vane. Ho viser også korleis smarte, sjølvstendige, oppegåande kvinner (og menn) kan hamne i situasjonar dei aldri hadde trudd dei kom til å hamne i», skriv Gerd Elin Stava Sande i Dagsavisen.

Lars Amund Vaage var festspeldiktar ved Dei nynorske festspela i 2008. Han har skrive ei rekke bøker, fått mange prisar, og for Rubato blei han innstilt til Nordisk Råds litteraturpris. Romanen Syngja (2012) fekk strålande kritikkar. Til Boknatta kjem han med den nittande boka si for vaksne, novellesamlinga Den vesle pianisten. Dei åtte novellene handlar mellom anna om menneskelege relasjonar, språkløyse og gleda i ein vellukka komposisjon. Det er ei bok om kjærleik og mangelen på det, og spora dette set. Ingvild Bræin i Dag og Tid skriv at «Språkstilen til Vaage sjølv er rik, dynamisk, klangsterk og undersøkande».

Musikken denne kvelden er det Elin Furubotn og Torbjørn Økland som står for. Albumet «Ikkje gå deg vill» blei til i ei gammal skrivestove i fjelldalen Sirdal, og ber i seg stemningar frå naturen, med fjella og elva som viktige inspirasjonskjelder. Furubotn er songar og tekstforfattar og har tidlegare utgitt seks album, blant anna «Å nærme seg det nære» i 2014. Økland er musikar og mest kjend som gitarist i gruppa Vamp fram til 2014. I 2015 starta han gruppa Blest saman med tidlegare Vamp-medlemmar.

Samtaleleiar er arrangementsansvarleg i Klassekampen Maria Dyrhol Sandvik.