891 bok og bakverk 34.JPG
Foto: Aasen-tunet

Bok og bakverk

Når:
Kvar:
Ivar Aasen-tunet, Kafeen
Vaksen
GRATIS

Tysdag 13. mars får du både litteratur og fersk heimelaga bakst i Aasen-tunet. Bibliotekar Siri Beate Gjerde les frå boka «Brevet til Rosalin» av Øystein Orten, og presenterer nokre av vårens nye bøker.

– Treng du tips til godt lesestoff i påskeferien, er dette eit fint høve til å høyre meir om nokre av vårens nye bøker. Vi håpar å sjå både pensjonistar, småbarnsforeldre i permisjon, og elles alle som likar litteratur, seier Gjerde.

I boka «Brevet til Rosalin» møter vi Johannes, som på eit tidspunkt i livet bestemmer seg for å ta eit oppgjer med eiga fortid. I brevet fortel han historia om livet sitt, og vekslar mellom kvardagen i bygda og meir dramatiske minne. Sentralt i forteljinga er ei hending under andre verdskrig.

Steinar Sivertsen i Stavanger Aftenblad peikar på at litterære allusjonar, særleg til Hamsun, forplantar seg gjennom brevet. Viktige er også dei mange musikalske referansane og draumane som dukkar opp. Forfattaren skriv med ein naturpoetisk klang som vitnar om ei biletskapande evne.