891 bok og bakverk 34.JPG
Foto: Aasen-tunet

Bok og bakverk

Når:
Kvar:
Ivar Aasen-tunet, Kafeen
Vaksen
GRATIS

Aasen-tunet ønsker velkomen til årets første «Bok og bakverk», torsdag 15. februar. Dette er eit gratis arrangement på dagtid med litteratur og fersk heimelaga bakst i kafeen.

Denne torsdagen les bibliotekar Siri Beate Gjerde utdrag frå diktsamlingane «Jordsjukantologien» av Stein Torleif Bjella, «Eg og ho eg kunne ha vore» av Marie Lundquist, og «Alt brenner» av Helge Torvund.

– Poesi kan vere ein vanskeleg sjanger for somme. Gjennom desse tre poetane får publikum høve til å oppleve stor breidde og variasjon, og eg vonar det kan bidra til at fleire kan finne glede i poesien, seier Gjerde.

Jordsjukantologien er ei fleirstemd diktsamling med små portrett i eit bygdeunivers. Sindre Ekrheim i Dag og Tid skriv at ein gjennom dikta blir kjent med ein ulikarta skokk med folk, med visse lastar. Dikta dyrkar det overraskande vendepunktet, der livet slår over frå suksess til tragedie og ungkarstilvære.

Diktsamlinga «Eg og ho eg kunne ha vore» presenterer tema som kjærleik, parforhold og død med ein humoristisk og omsynslaus tone.

Tema som liv, død og kjærleik er sentrale i diktsamlinga til forfattar Helge Torvund. Han skriv om det skjønne i alt som er skapt, og om korleis dette blir overført gjennom bilde, skrift og lyd til den som ser, lyttar og les.

– Det er fint å kunne gi eit tilbod til alle dei som har tid og lyst til å oppleve god litteratur og finne saman på dagtid – både pensjonistar, småbarnsforeldre i permisjon og andre. Med bibliotekaren vår blir både poesien og baksten av beste sort, seier programansvarleg Olav Øyehaug Opsvik, som kan avsløre at det er napoleonskake og kanelsnurrar på menyen denne torsdagen.