Atlanterhavskveld i Aasen-tunet.
Atlanterhavskveld i Aasen-tunet.Foto: Bokomslag, Hareid ungdomsskule, Vestafor Måne

Atlanterhavskveld

Når:
Kvar:
Ivar Aasen-tunet
Kjøp billettar

Ein kulturkveld med torettars middag, inspirert av havet som band og skilje mellom liv og død, folk og nasjonar. Påmelding og bordbestilling innan tysdag 14. februar kl. 12.00. Kr 700 inkludert mat og vin, kr 600 inkludert mat og mineralvatn (avgrensa tal deltakarar).

Fredag 17. februar blir det eksklusiv kulturkveld med variert program og torettars middag i Ivar Aasen-tunet. Forfattar Guri Aasen og båtbyggar Håvard Hatløy er begge kunnskapsrike sunnmøringar med store hjarte for kystkulturen vår. Dei er i godt lag med forfattar Ottar Fyllingsnes og musikar Hanus G. Johansen frå Færøyane.

– Vi inviterer til ein kulturkveld med både rikhaldig program og torettars middag. Vi oppmodar publikum om å samlast til eit venelag utanom det vanlege, seier programansvarleg Monika Haanes Waagan i Aasen-tunet, som tek imot bordbestilling for dei som ønskjer. Det er også mogleg å kjøpe billett berre til programmet i Salen. 

Programmet denne kvelden er inspirert av havet som band og skilje mellom liv og død, folk og nasjonar. Guri Aasen er opphavleg frå Hovdebygda og har ei eiga evne til å gjere historier levande. Denne gongen har ho med den nyaste boka si, Fiskarkona og døtrene hennar, som er basert på sanne historier frå perioden 1860 til 1960. Nokre av historiene er fortalde av godt vaksne menn og kvinner, medan andre kjem frå lokale kjelder.

Håvard Hatløy er båtbyggar og museumsstyrar ved Herøy kystmuseum. Han fortel om båtbyggartradisjonen og den handlingsborne kunnskapen som har vore langs kysten både på Sunnmøre og på øyane i vest. Han har med ein ekte sunnmørsfæring på scena, der den som har lyst kan få granske i detalj. Gjennom skulesekk-prosjektet «Båten og mennesket» har Hatløy lært fleire hundre ungdomar om den tradisjonelle sunnmørsfæringen og korleis båten er oppbygd.

I 2015 kåra lesarane av National Geographic Færøyane til «Årets destinasjon». Dei grøne øyane i havet trekker turistar som aldri før, og nordmenn reiser for å oppleve eit øysamfunn med røter i norsk historie.

Forfattar og kulturjournalist Ottar Fyllingsnes står bak boka Færøyane, som er meir enn ein vanleg reiseguide. Ho opnar døra til historie, kultur og kvardag på Færøyane. Fyllingsnes har leita i den felles norsk-færøyske historia etter grunnlaget for og utviklinga av mikrostaten vest i havet. For korleis kan eit øysamfunn med så mykje motgang likevel vere eit moderne velstandssamfunn i medgang?

Færøyane er ein kulturhistorisk vegvisar med stor tematisk breidd i eit lite geografisk landskap. Fyllingsnes skriv mellom anna om sjølvstendestriden, krisa i kystfisket, kampen for språket og olsokfeiringa, som også er Færøyane sin nasjonaldag. Lesaren får gjennom møte med folk, kultur og næringsliv eit unikt innblikk i korleis Færøyane er i dag, samstundes som forfattaren trekker linjer i samfunnsutviklinga heilt attende til vikingtida.

Hanus G. Johansen har sett musikk til 30 Jakob Sande-dikt, nokre av dei finn du på plata Frå leddiken. Johansen er ein allsidig musikar og blir rekna som ei levande legende heime på Færøyane. Han har valt å gjere Sande-tolkingane på nynorsk, og dei blir ein naturleg del av det fleirspråklege repertoaret hans under Atlanterhavskvelden.

Program
18.30 Velkomst
19.00 Program i salen
20.00 Torettars middag i kafeen
21.00 Program i salen 

kjøp Fiskarkona og døtrene hennar på nettsida vår.