Prøver af Landsmaalet i Norge (1853)

Digital utgåve (1997) og omtale

Boka kom ut i juni 1853 og var den fyrste på landsmål. Her lanserte Aasen framlegget sitt til normal for det nye målet, og andre delen av boka inneheld 16 prøver på stykke i normalisert landsmål i tre ulike stilnivå. I den fyrste halvdelen av boka finn ein 32 målføreprøver frå 20 bygdemål i alle delar av landet som Aasen hadde samla på granskingsferdene sine.

Aasen hadde hatt planar om ei slik bok i fleire år, og vinteren 1852-53 kom han i gang. Han sleit mykje med utforminga av normalmålet og kalla seinare boka for 'ein veik og trivlande Freistnad', så han var ikkje fullnøgd. Han gjorde likevel ikkje mange endringar i normalen seinare.

Utgåver
Boka kom i ny utgåve med latinsk skrift i 1899, og den utgåva vart prenta opp att i 1985 (Vestanbok Forlag). Den elektroniske utgåva frå 1997 byggjer på 1853-utgåva.