Norsk Maalbunad (1876/1925)

Digtale utgåve (1997) og omtale

Dette er eit av dei store verka til Aasen, men det er lite kjent. Det er ei ordbok der orda ikkje står alfabetisk, men er samla etter emne og fagområde. Undertittelen fortel at dette er ei "Samanstilling av norske ord etter umgrip og tyding".

Heilt sidan 1830-åra hadde Aasen vore interessert i tydingsinnhaldet til orda (semantikken) og ikkje berre i kva språkleg form dei hadde. Då han var ferdig med Norsk Ordbog (1873), tok han til å arbeida meir systematisk med dette. Saman med Heimsyn (1876) var Norsk Maalbunad ein freistnad på å utvikla norsk terminologi på nye fagområde.

Utgåver
Aasen var ferdig med manuskriptet i februar 1876 og fekk jamvel bunde det inn, men han kom ikkje til å gje det ut. Det vart prenta i 1925 med innleiing av Sigurd Kolsrud (Det Norske Samlaget). Eit fotografisk opptrykk av 1925-utgåva kom i 1975 (Norsk Bokreidingslag). Den elektroniske utgåva frå 1997 byggjer på 1925-utgåva. I 1997 laga òg Dokumentasjonsprosjektet ei utgåve der alle ord er førte opp alfabetisk, og denne førebels utgåva vart fyrste gong publisert på cd-rom-en Ivar Aasen(1997).


Last ned filNorsk Maalbunad(1 8 2 9kb)