Digital utgåve (1997) og omtale

Norsk Navnebog var den siste boka Aasen gav ut medan han levde, dersom ein ser bort frå andreutgåva av Norske Ordsprog (1881). Han hadde sysla med personnamn lenge, og i 1850-åra skreiv han eit par artiklar i Folkevennen der han oppmoda folk om å ta i bruk norske namn. Dette var òg målet med Norsk Navnebog. boka er på drygt hundre sider og inneheld lister over norske namn som ein bør bruka, og framande og nylaga namn som ikkje blir tilrådde.

Utgåver
Boka vart prenta i Skrifter i Samling (1911-12) . Det kom dessutan nye utgåver i 1980 (Børsums Forlag og Antikvariat) og i 1997 (ved Kristoffer Kruken og Terje Aarset, Skrifter frå Ivar Aasen-instituttet nr. 3, Høgskulen i Volda).