Søndmørsk Grammatik (1851)

Digital utgåve og omtale

Digital utgåve på Bokhylla.no (1924-utgåva ved Sigurd Kolsrud)
 
Sunnmørsmålet var Aasens eige målføre og det fyrste han granska. Han hadde arbeidd med sunnmørsmålet frå 1837, laga det fyrste utkastet til ein grammatikk i 1839 og tok med seg eit nytt og revidert utkast til Bergen i 1841. På grunnlag av dette manuskriptet vart han engasjert av Vitskapsselskapet i Trondheim for å granska dialektane. Desse grammatikkmanuskripta vart ikkje prenta før i 1992.

Vinteren 1850-51 budde Aasen på Sunnmøre, og då tok han fram att arbeidet med sunnmørsmålet. I tida frå februar til april 1851 skreiv han ein grammatikk på snaue 50 sider som vart prenta på Ekset i Volda same året. I 1848 hadde Aasen gjeve ut den landsfemnande Det norske Folkesprogs Grammatik, og som han sjølv sa, var sunnmørsgrammatikken "et kort Udtog af Det norske Folkesprogs Grammatik, kun saaledes at den holder sig alene til en enkelt Dialekt". Aasen skreiv grammatikken med tanke på vanlege folk, og han vona fleire sunnmøringar på denne måten kunne bli interesserte i grammatikk og i språkspørsmålet.

Heile tittelen var Søndmørsk Grammatik eller kortfattet Underretning om Bygdemaalet på Søndmør. I over 30 år var dette den einaste utgreiinga om eit einskilt norsk målføre, og det er framleis (2002) den einaste prenta grammatikken over sunnmørsmålet.

Utgåver
1851-utgåva kom i ny utgåve (ved Sigurd Kolsrud) i 1924. I 1992 gav Jarle Bondevik, Oddvar Nes og Terje Aarset ut 1851-utgåva og dei tidlegare uprenta grammatikkmanuskripta i boka Sunnmørsgrammatikkane av Ivar Aasen (Skrifter frå Ivar Aasen-selskapet, Norsk Bokreidingslag).