Ordbog over det norske Folkesprog (1850)

Digital utgåve og omtale

 
Ordboka følgde etter Det norske Folkesprogs Grammatik (1848), og Aasen sjølv såg på ordboka som det viktigaste av dei to verka. Som grammatikken byggjer ho på språktilfanget Aasen samla inn på langferda 1842-46 og inneheld kring 25 000 oppslagsord. Oppslagsorda er på norsk (lett normaliserte målføreformer) medan ordforklaringane er på dansk.

Aasen byrja arbeidet med ordboka rett etter at grammatikken hadde kome ut våren 1848, og alt i 1850 var han ferdig. Seinare ordboksforfattarar har late seg imponera over den korte tida Aasen brukte. Dette var mogleg fordi han hadde arbeidd svært systematisk og målretta på langferda og gjort unna mykje systematiseringsarbeid undervegs.

Ordboka var den største som var laga over norsk språk til då. Ho skilde seg dessutan frå tidlegare ordbøker og ordlister (som Norsk Ordsamling av Laurents Hallager (1802, faksimileutgåve 2004) ved å vera vitskapleg gjennomarbeidd og femna om heile landet. Saman med 1848-grammatikken gav ordboka Aasen det offentlege gjennombrotet som språkforskar, og dei to verka gjorde at han fekk løn som statssipendiat frå 1851. Utgjevinga vart kosta av Det kgl. norske Videnskabers Selskab i Trondheim.

Ordboka gjev svært gode opplysningar om norske dialektar på 1800-talet. Aasen tok berre med ord og former han sjølv hadde høyrt og notert ned, og han førte opp orda etter talemålsforma utan å normalisera i særleg grad. I den andre ordboka Aasen gav ut, Norsk Ordbog (1873), normaliserte han oppslagsorda strengt etter landsmålet, og han tok med seg fleire ord enn i 1850-ordboka.

Utgåver
Fyrsteopplaget på 500 var utselt etter få år. Ei ny utgåve ved Kristoffer Kruken og Terje Aarset vart utgjeven av Det Norske Samlaget i 2000.