Den intime Fehn-salen dannar ei flott ramme rundt denne eine konserten trioen med fløyte, cello og fiolin har medan dei er heime på sommarferie.
Siri Hovde frå Ørsta er fløytist og student på masterstudiet ved Noregs musikkhøgskule Siri Hovde jobba i 2007-2008 som fløytist i Forsvarets Musikkorps Nord-Norge, og same året fekk ho Sparebank1 Volda Ørsta sitt kulturstipend. Ho har også spelt i Det norske blåseensemble, Kringkastingsorkesteret og Oslo filharmoniske orkester.
Sigmund Eikeset frå Ørsta er fiolinist. I 2007-2008 spelte han i Ålesund Strykekvartett, og han har også hatt frilansoppdrag i Kringkstingsorkesteret, Göteborgs Operaens Orkester og Göteborgs Symfoniker, frå han i januar blei tilsett i Kristiansand Symfoniorkester. Sigmund har studert fiolin ved Noregs musikkhøgskule og teke master i orkesterspel ved Swedish National Orchestra Academy.
Krisztina Eikeset er ein ungarsk-rumensk cellist med utdanning frå Cluj Napoca og Swedish National Orchestra Academy i Göteborg. Krisztina har i løpet av studietida vunne ei rekke nasjonale konkurransar både innan kammermusikk og solospel. No er ho frilansmusikar, busett i Kristiansand.
Johann Sebastian Bach (1685-1703) er ein av dei mest kjende komponistane frå barokken. Partita i a-moll for solofløyte (BWV 1013) er det einaste solostykket han skreiv for dette instrumentet. Stykket er ei dansesuite i fire satsar og vart mest truleg skrive då Bach var kapellmeister i Köthen (1717-1723).
Zoltan Kodaly (1882-1967) var ein ungarsk komponist og folkemusikkforskar. Saman med Bela Bartok kartla han den ungarske folkloren, og samla inn folkemusikk frå Ungarn og nabolanda. Komposisjonane hans er i impresjonistisk-nyromantisk stil og han brukar ofte element frå folkemusikk. Noko vi nettopp kan høyre i Duo op.7 for fiolin og cello, som er eit av Kodaly sine mest sentrale verk.
Joseph Haydn (1732-1809) var ein av dei mest framståande, innovative og produktive komponistane i wienerklassisismen. Tradisjonelt blir Haydn rekna som far til den klassiske symfonien og strykekvartetten. Hovde, Eikeset og Eikeset spelar vakker, lett og sprudlande underhaldningsmusikk av Haydn, divertimento for fløyte, fiolin og cello, opus 100.
SØNDAG 1. AUGUST
16.00–17.00 Salen, Ivar Aasen-tunet
Klassisk i tunet
Krisztina Eikeset, cello, Sigmund Eikeset, fiolin, og Siri Hovde, fløyte
Kr 100 vaksne / 50 barn, skuleelevar og studentar / 200 familie
(19.07.10)