Kva skjer

Her finn du informasjon om arrangement i Ivar Aasen-tunet og billettar.

  • Hoem-Edvard_foto-Linda-Engelberth.jpg

    Temautstilling: I Edvard Hoems tid (står til 14.6.)

    - Å skrive er for meg å stille eit sakn, å fylle ut ein mangel, å rette på ein feil. Dette skriv Edvard Hoem i ein nyskriven tekst for denne utstillinga. Hoem har ein svært brei og variert forfattarskap bak seg, og det er uråd å vise fram alt dette i ei utstilling. Tid er eit nøkkelomgrep i forfattarskapen til Hoem, og det viser att i utstillinga. Eine halvdelen handlar om levd tid, den andre om tider i bøkene hans. Hoem var festspeldiktar under Dei nynorske festspela 2005.

    -
  • Ørsta kulturskule dramaframsyningar.jpg

    Ørsta kulturskule, dramagruppene

    Dramagruppene ved Ørsta kulturskule inviterer til dobbelframsyning tysdag 13. juni kl. 18.00. Her får du to teaterstykke for prisen av eitt, og born under 16 år kjem inn heilt gratis! Vel møtt i Aasen-tunet på tysdag 13. juni! Billettsal i døra.

  • iStock-641303124 liggande.jpg

    Utstillingsopning "Sannare enn røynda?"

    Det blir opning av temautstillinga "Sannare enn røynda?", som går inn på tilhøvet mellom litteraturen og røynda. Litteraturprofessor Geir Hjorthol ved Høgskulen i Volda vil stå for den offisielle opninga. Sentralt i utstillinga er ein videoinstallasjon der forfattar Ruth Lillegraven snakkar om diktverket "Manilahallen", som er bygt på livet til ein verkeleg person. Enkel servering. Gratis inngang.

  • Festspelbanner 2017
    - Kjøp billettar