Kva skjer

Her finn du informasjon om arrangement i Ivar Aasen-tunet og billettar.

  • Hoem-Edvard_foto-Linda-Engelberth.jpg

    Temautstilling: I Edvard Hoems tid (står til 14.6.)

    - Å skrive er for meg å stille eit sakn, å fylle ut ein mangel, å rette på ein feil. Dette skriv Edvard Hoem i ein nyskriven tekst for denne utstillinga. Hoem har ein svært brei og variert forfattarskap bak seg, og det er uråd å vise fram alt dette i ei utstilling. Tid er eit nøkkelomgrep i forfattarskapen til Hoem, og det viser att i utstillinga. Eine halvdelen handlar om levd tid, den andre om tider i bøkene hans. Hoem var festspeldiktar under Dei nynorske festspela 2005.

    -
  • Familidag om teiknspråk i Aasen-tunet

    Familiedag: Teiknspråk

    Samlingsstund kl. 13 med Ronny Patrick Jacobsen, der borna får eit spennande og inspirerande møte med teiknspråk. Etterpå blir det verkstad, der borna får prøve seg på teiknspråk gjennom ulike spel og aktivitetar. Høver for born frå 4 år og oppover. Kr 70 / familie 50 per person.

    Ivar Aasen-tunet, Kjøp billettar
  • fb_bb_krim.jpg

    Bok og bakverk

    Utvalde onsdagar utover vinteren og våren kan du ta turen til kafeen i Aasen-tunet og høyre om og frå aktuell litteratur. Elevar ved musikklina ved Volda vidaregåande skule underheld med musikkinnslag på alle arrangementa. Kafeen serverer fersk bakst og nytrekt kaffi.

    Ivar Aasen-tunet,
  • Øystein Hide om den nynorske dagboktradisjonen.

    Det gjeng an å skriva i kvardagen òg

    Dagbøker gir oss eit unikt innblikk i språk, litteratur og tanke. Doktorgradstipendiat Øystein Hide fortel om si eiga forsking på den nynorske dagboktradisjonen og dagbøkene til Aasen, Hauge og Garborg.

    Ivar Aasen-tunet, Kjøp billettar
  • Tunkatten Lurivar

    Påskejakt med Lurivar

    Ordspion Lurivar av Aasen-tunet får eit nytt mysterium å løyse, og borna blir med på kattekrumspring omkring i det svære Fehn-bygget. Påskeverkstad med ulike oppgåver. Høver for born frå 4 år og oppover. Kr 70 / familie 50 per person.

  • Akustikar, Stig Ulv.

    Stig Ulv: Plateslepp "Akustikar" og konsert

    Dørene opnar kl. 20, konserten tek til kl. 21. Billettsal i døra, ikkje førehandssal. Kr 200, berre kontantsal. Open kafé heile kvelden.

    Ivar Aasen-tunet,