Kva skjer

Her finn du informasjon om arrangement i Ivar Aasen-tunet og billettar.

  • Plansje frå utstilling "Det usynlege språket".

    Temautstilling: Det usynlege språket. Omsetjing og gjendikting (står til 31.3.)

    Kvifor er det viktig å kunne lese verdslitteraturen på sitt eige morsmål? Kvifor les vi ikkje engelske bøker på engelsk?

    Ivar Aasen-tunet, basisutstillinga, -
  • fb_bb_hoem.jpg

    Bok og bakverk

    Utvalde onsdagar utover vinteren og våren kan du ta turen til kafeen i Aasen-tunet og høyre om og frå aktuell litteratur. Elevar ved musikklina ved Volda vidaregåande skule underheld med musikkinnslag på alle arrangementa. Kafeen serverer fersk bakst og nytrekt kaffi.

    Ivar Aasen-tunet,
  • Familiedag inspirert av boka "Den vesle haien".

    Familiedag: Hai

    Samlingsstunder kl. 13 og 14 med høgtlesing frå Den vesle blå haien av Øyvind Vågnes og Akin Duzakin. Boka er ei forteljing om å vere seg sjølv, om å føle seg annleis og om venskap. Aktivitetar for fleire sansar. Høver for born frå 4 år og oppover. I samarbeid med Skald forlag. Kr 70 / familie 50 per person

    Ivar Aasen-tunet, Kjøp billettar
  • 8. mars med samtale og musikk.

    Kjønn og språk

    På kvinnedagen møter du forfattarane Kristin Fridtun og Magnhild Folkvord i samtale med journalist Torill Myren.

    Ivar Aasen-tunet, Kjøp billettar
  • Tunvert Ingrid Opedal og butikkansvarleg Anders B. Kalvatn.

    Boksal og gratis bøker

    Inntil 75 % rabatt på bøker til born og vaksne. Eit stort utval gratis bøker frå biblioteket vårt.

    -
  • rita i arbeid2.jpg

    FULLT! Kunstverkstad for vaksne

    Kunstverkstad for vaksne inspirert av den kvardagsfilosofiske boka Begrav meg i snø av Gudmund Skjeldal og Kristian Finborud. Rita Slotterøy frå Seanse rettleier i enkle male-, kollasj- og trykkjeteknikkar. Ta med forkle eller arbeidstøy som toler malingsflekkar. Avgrensa tal deltakarar, påmeldingsfrist er fredag 17. mars kl. 12.00.

    Ivar Aasen-tunet,
  • Aasen-tunet 16 juni 2011-1.jpg

    Konsert: Helge Gravvold

    Helge Gravvold spelar melodiøs og gitarbasert rock med moderne tekstar på nynorsk, skrivne av Bjørn Tore Brøske, og musikken slår an både i Noreg og langt utanfor landets grenser. Billett: kr 150 Arr.: Helge Gravvold

    Ivar Aasen-tunet,