Bolette C. Pavels Larsen

(Biografi, 1916)

Av Anton Aure

Bolette C. Pavels Larsen
Den andre kvinna som steig fram i den nynorske bokheimen, skreiv ikkje landsmaal, men eit norskt maalføre. Det var klingande fint sognemaal ho skreiv, og dette maalet sitt handsama ho med meisterskap.

Det skal stor tame til aa skriva eit bygdemaal Lytelaust, endaa for ein som er fødd og alen i bygdi og liver millom heimefolket all sin dag. Det er so lett at blanda inn ord og vendingar ifraa det ein hev lese, og det skal eit fint maaløyra til aa skilja egte ifraa uegte, jamvel i sitt eige maalføre.

Det er difor so mykje meir bisnelegt, at den fine bergensfrua Bolette Pavels Larsen kunde skriva sognemaalet so vænt og reint, at det er svært sjeldan ein raakar ei vending som ikkje kling heilt naturleg. Ho var fødd i Sogn og livde barndomen sin der, men kor inderlig maa ho ikkje ha livt seg inn i bondeliv og bondemaal, naar ho kunde halda so vel fast paa det, endaa ho livde all sin dag i byen etter ho var vaksi!

Bolette Christine Pavels Larsen vart fødd 18de oktober 1847 paa garden Kjørnes i Sogndal i Sogn. Far hennar Jonas Lund var sakførar og var av den store kaupmannsætti Lund i Farsund.

Farfaren vart gift med ei tysk kvinna som var hovdama hjaa hertuginna Louise av Augustenborg, syster til Fredrik den sette. Hertuginna vilde gjerne gjera noko for eldste son til hovdama si, og so kosta ho daa Jonas fram til sakførar.

Paa morsida var fru Pavels Larsen av Munthe-ætti, som hev fostra so mange velgjetne menner. Langt uppe var ho soleis samætta med Ludvig Holberg, og av Munthe-ætti elles kann me nemna major Hartvig Kaas Munthe, bestefaren hennar, som var med og stridde mot svenskane ved Berby i 1808 og "stod i den heftigste Kugleregn urokkeligen og avlagde Prøver paa sandt Mod." Han merkte seg soleis ut i striden, at han fekk Danebrogkrossen.

Forngranskaren Gerhard Munthe var morbror til fru L. og den fyrste norsklæraren hennar. Og maalaren Gerhard Munthe, som hev vunne seg eit so godt namn med kunsten sin, er systkinbarnet hennar.

Mormori Bolette Christine Pavels som ho var uppkalla etter, høyrde til ei gamall preste-ætt fraa Ryfylke.

Me ser soleis at Bolette Pavels Larsen baade paa fars- og morsida høyrde til dei finaste ættene i landet. Likevel hadde ho lært aa elska bonden og bondemaalet. Eller som ho sjølv segjer so raakande:

"Ettedi eg inkje e fødde i byn, pla eg sjao pao bønde so' pao menneskje."

Elsken til sognemaalet hadde ho i seg alt fraa barneaari, og den elsken varde livet ut. Ho ikkje berre skreiv sognemaalet; men ho tala det ogso som ein meister.

Naar ho kom inn til Sogn, tala ho bondemaalet og gjekk imillom bøndene just som deira jamlike. I "Urd" 1906 hev mannen hennar gjeve oss ei fin liti skildring av korleis ho tedde seg i slike høve. Ho samla daa gjerne bondefolket um seg og las upp for deim av sognestubbane sine. Og sogningane skyna henne og rekna henne millom sine eigne; for ho var ikkje liksom andre byfolk. Ein etter ein kom dei fram og tok henne i handi:

"Du faor ha takk dao!"

Og betre fagning kunde ho aldri ynskja seg, sa ho sjølv.

Det var sjølvgjeve at fru Larsen laut verta med i maalreisingsarbeidet. Naar ho høyrde "fine" folk kalla bondemaalet og bondeyrket "simpelt", daa vart ho harm. Dei bønder og husmenn som heldt fast paa maalet sitt og som dyrka jordi si med kjærleik og dug, dei var for henne beste adelen i Landet.

I Vestmannalaget var ho mykje med og var ei berande kraft i arbeidet. Det var det eldste maallaget i landet, og det hadde gjort eit storgjævt arbeid i dei fyrste 10-12 aari. Men kring 1880 daa Henrik Krohn var død, og laget hadde maatta slutta med den gode maanadsskrifti "Fraa by og bygd", kom det inn i daudvatnet, so det sistpaa sovna reint av. Det var daa mykje fru Larsen aa takka at det vart blaase liv i laget att nokre aar etterpaa.

Her i Vestmannalaget tok ho til med aa lesa upp sognestubbane sine. Og ho las meisterleg fint og godt. Ingen annan kunde lesa desse sogone so godt. Folk som høyrde henne, segjer at det var ei rein njoting aa Lyda paa naar ho las paa sognemaal.

"Fru Bolette Larsen hadde det beste baade av bonde- og embættsmannsdaningi i sitt lag og i sin tale. Ho var vyrdeleg som bondekonorne fyrr i tidi, og ho var fri og urædd som embættsfolket. Der var naar ho las upp, noko bljugt og mjukt i røysti, som tok folk um hjartat kvar ho kom". (Johs. Lavik i "Gula Tidend").

Etter-kvart som ho vart kjend, laut ho daa ogso lenger og lenger ut og lesa upp. Ho las upp paa ungdomsstemnor paa Vestlandet, og i 1899 henta dei henne til Oslo; ho skulde lesa upp sogone sine paa den store maalmarknaden. Dei fekk henne daa ogso til aa lesa upp i Studentsamfundet, og baae stader tok ho folk "med storm".

Det var i 1888 at Bolette Pavels Larsen sende ut dei fyrste sogor paa sognemaal. Det var umsetjingar etter den svenske forfattaren Henrik Wranér. Dei tri fyrste kom i tridje samlingi med "Smaastubbar", som Mons Litlere i Bergen gav ut. Og med desse stubbane sette ho folk i undring reint. Dei var so meisterleg godt umsveipa paa sognemaal, at ingen kunde tenkt anna alt hadde gjenge fyre seg inne i Sogn, plent soleis som ho fortalde det. Reint framifraa var no den 1øglege stubben "Naor dar ska skrivast te storebror". Han hev no ogso gjenge landet rundt og vorte storfagna alle stader. Men dei tvo andre: "Han far ska gao pao aksjon" og "Ein dag pao mattnan i Kivik" er ikkje burte dei hell.

I fjorde samlingi av "Smaastubbar", som kom same aaret, hev ho ogso ei Wranér-soga: "Fatigmanns julaftao". Det er ikkje noko moro-stykke dette; men ei gripande saar skildring av livet millom fatigfolk. Det er eit maalarstykke i ord, einfelt og gruvfullt so det skjer deg i hjarta.

Same aaret gav ho ogso ut boki: " Staaveprat ette Henrik Wranér. Fritt omarbeidd pao sognamaol ao Bolette C. Pavels Larsen". Det var tri sogor som var noko lenger enn dei fyrre. Den største av dei: "Da va nett høvele aa te pass", er ei kjærleiks-soga som ein ikkje gløymer so lett naar ein fyrst hev lese ho. Dei tvo andre: "Ein gammaldags mann" og "Naor mannen e' ein gnekar", er lentuge folkelivsbilæte, men med aalvor innunder.

Alt dette er umskrifter, og ho syner her at ho hev ein sergivnad til aa klæda um desse framande forteljingane, so dei vert so heimslege og norske at du aldri gaar dei er framande ein gong.

Men det varde heller ikkje so lenge fyrr Bolette Pavels Larsens kom med sogor som ho sjølv hadde skrive. I "Smaastubbar", femte samling (1889) hev ho ei soga som heiter "Velsignelse" - um ho Kvamsdals-Brita som fekk slik ei velsigning med ungar og laut føda baade dei og den dovne mannen sin.

Den beste av alle sogone hennar er no vel "Sognablo"' som kom i "Smaastubbar", sjuande samling (1891). Det er ei skildring so 1øgleg at du lyt læ, og so raakande at du ser fyre deg denne skyssguten livs livande. Her syner ho at ho hev eit framifraa lag til aa fortelja.

Sidan skreiv ho mange smaasogor i "Syn og Segn" og i ymse joleblad. Nokre av dei samla ho og gav ut i boki " Smaoe skjeldringa" som kom ut hjaa Aschehoug i 1897, og som visst er i bokhandelen enno. Det er i alt aatte sogor i denne boki. Umframt dei tvo som fyrr er umtala, lyt ein sers nemna "Da ska bli krig no", ei forteljing um bonden som i krigsrædsla dreg inn til byen og fær alle pengane sine i gull, som han tek med seg heim og flytter fraa eine gøymsla til hi. Det er ei soga som er baade raakande og sann, det hev me set altfor mange døme paa no desse siste aari. Av dei andre sogone er "Ein bondemann" og "Ei pretta" gode, kvar paa si vis.

I boki "Ung Norig" (Voss 1898) hev ho ei soga "Tvo systre"; men enno er det nok likso mange av sogone til Bolette Pavels Larsen som ikkje er komne i bok. Dei er spreidde i ymse tidskrifter og jolehefte; men dei burde vore samla og utgjevne, for det er sjeldan ein raakar paa noko som høver so godt til upplesing i lag og lyd.

Fru Larsen skreiv ogso mykje i bladi. Soleis var ho i mange aar fast bokmeldar i "Bergens Tidende", og ho skreiv slik at folk fekk tiltru til henne. Her fekk ho ogso høve til aa leggja mangt eit godt ord inn for dei nynorske bøkerne, som anten slett ikkje vart melde i dei andre dansknorske bladi, eller ogso vart reint avheidra - berre for maalet si skuld.

I det heile lyt me segja ho gjorde eit sers godt arbeid for atterreisingi av det norske maalet baade paa den eine og den andre visi.

Kor norsklynd ho var i heile sin hug, er ogso dette brevet, som ho sende til Edv. Grieg paa 60aarsdagen hans, eit godt vitnemaal um. Difor skal me taka det med her

"Helsing til Edvard Grieg frao Sognafjoren og Sognafjedli:

- frao Bræ og Tind og Stødlavodl,
frao Foss og Huldr og Bergatrodl,
frao Bjørkeskog og Ur
med Bukkahodn og Lur -
med Takk, at du deim inkje gløymde,
men soleis i ditt Minne gjøymde,
at ogso deira Laat i dine Strængjar strøymde.

Bolette C. Pavels Larsen."

Ei stund etter sende Grieg henne eit vænt takkeskriv, og der segjer han m. a. "Ja det er som Welhaven sa om Ivar Aasen: "Det er ingen Sag at digte paa sligt et Sprog! Hvor det klinger herlig!"

Fru Bolette Pavels Larsen var gift med O. J. Larsen som er fullmegt i Norigs bank i Bergen, og dei tvo hadde sams hugmaal.

Ho døydde 8. december 1904, 57 aar gamall. Like til det siste var ho arbeidsfør. Ja endaa same dagen ho døydde skreiv ho ei bokmelding til "Bergens Tidende".

Ho vart gravlagd med stor høgtid, og ei mengd med folk fylgde henne til gravi. Vestmannalaget sende henne denne væne siste helsingi:

 

"Ditt rike varme hjarta vaart Norig heilt du gav,
di dogga taaror kransen me leggja paa di grav." 

 


Frå Anton Aure: Kvinnor i den nynorske bokheimen. Stutte livsskildringar. Kristiania: Nikolai Olsens Prenteverk 1916. Elektronisk utgåve 1996 ved Jon Grepstad